Hyllestad kommune Hovedbilde

Assisterande rektor

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad skule har frå hausten 2022 ledig ei 100% kombistilling, stillinga er tenkt delt 50/50 (eller 60/40) mellom administrasjon og undervisning. Vi søkjer etter ein skuleleiar som er god på relasjonskompetanse og har eit ynskje om å vere med å vidareutvikle Hyllestad skule. Vi er opptatt av å jobbe med at skulen skal ha eit trygt og godt skulemiljø for alle. Vi arbeider styrkebasert og leitar difor etter styrkane til kvar elev og kvar vaksen. Vi er fleksible på fag du eventuelt måtte ha i di utdanning til å kombinere i stillinga.

Du vil bli ein del av skuleleiinga og tek del i dei administrative og praktiske arbeidsoppgåvene. Hjå oss jobbar alle på lag!

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiing i eit profesjonsfellesskap
  • Engasjere dyktige og gode lærarar, og legge til rette for fagleg utvikling
  • Vere med å sikre god undervisning og trivsel
  • Møteleiing
  • Bidra i den daglege drifta av skulen
  • Bidra til å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skulemiljø, med eit godt skule-heim-samarbeid
  • IKT-ansvar vert vurdert lagt til stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning innan pedagogikk
  • Ønskje om vidareutdanning, t.d. "Rektorskule" eller "Organisasjon og leiing
  • Ønskje om skuleleiarerfaring
  • Du har gode digitale ferdigheiter og er ein pådrivar i å utvikle digitale verktøy i læring
  • Du er god på skriftleg og munleg kommunikasjon

Om deg

  • Du er tydeleg, varm og synleg som leiar
  • Du er ein leiar som er god på å bygge gode relasjonar med elvar, tilsette og føresette
  • Du har interesse for endringsarbeid
  • Du er fleksibel, har godt humør og trivast godt med varierte oppgåver og til tider høgt arbeidspress
  • Du er strukturert og jobbar systematisk
  • Politiattest av nyare dato må visast fram før tiltreding

Vi tilbyr

  • Spennande, givande og krevjande arbeid i eit aktivt og godt fellesskap
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode låne- og pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
  • Hjelp til å finne hus/leiligheit i kommunen dersom du er tilflyttar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Gratis tilgjenge til idrettshallen sitt styrkerom og spinningsrom
  • Reduserte betalingssatsar i barnehagen
  • Etablererstønad til førstegangsetablerarar/huskjøparar

Hyllestad kommune Kulturbilde