Norges vassdrags- og energidirektorat Hovedbilde

Skred, flaum og miljø i arealplanlegginga er viktigare enn nokon gong

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Arealplanleggar Norges vassdrags- og energidirektorat Sunnfjord Fulltid
Norges vassdrags- og energidirektorat Logo

Norges vassdrags- og energidirektorat

Postboks 5091, Majorstuen
0301 Oslo
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Øyvind Leirset
400 69 485

Søknadsfrist

6. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

NVE har ledig ein fast stilling for deg som søkjer ein jobb der du får høve til å bryne deg på samansette og faglege utfordringar i arealplanlegginga. Arbeidet skjer gjennom kontakt med kommunar og andre styresmakter. Nylege hendingar, konsekvensar av klimaendringar og auka fokus på naturfare i samfunnet gjer dette til eit spennande og viktig fagfelt i rask utvikling. Arealplan er eit viktig fagområde for NVE, og vi skal styrke laget vårt i Førde.

NVE si rolle i arealplanlegginga handlar om å gi uttalar til planar og rettleie kommunane til å ta omsyn til fare for flaum og skred, unngå skadar frå overvatn, samt ta vare på vassdragsmiljø og energianlegg, Som utgangspunkt vil du arbeide med saker i eigen region, men du må også rekne med å arbeide med saker i andre delar av landet i periodar med stor saksmengd.

Seksjon for arealplan er ein del av skred og vassdragsavdelinga i NVE. Du vil jobbe på eit lag med om lag 20 fagleg dyktige kollegaer. Nokre av dei vil ha same kontorstad, medan andre vil ha kontorstad på andre regionkontor eller på NVE sitt hovudkontor i Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • handsame og gi uttaler til kommunale arealplanar etter plan- og bygningsloven innanfor NVE sine fagområde: Flaum, skred, overvatn, vassdragstiltak og energianlegg
  • rettleie kommunar til å ta i vare aktuelle fagfelt i arealplanar
  • vere med å utvikle NVE sitt arbeid med arealplanlegging

Du kan få tildelt oppgåver ved beredskapshendingar.

Du må rekne med noko reiseverksemd.

Kvalifikasjonskrav

  • høgare utdanning med relevant fagområde på masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande masternivå.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • god formidlingsevne
  • førarkort klasse B

Ønska kvalifikasjonar

  • god innsikt og erfaring med bruk av GIS som verktøy i sakshandsaming og analysearbeid
  • kompetanse i bruk og utvikling av digitale verktøy
  • erfaring med planlegging etter plan- og bygningsloven
  • erfaring med sakshandsaming i offentleg forvaltning, gjerne erfaring med kommunal sakshandsaming
  • kompetanse med flaum, skred, overvatn, vassdragsmiljø eller energianlegg.
  • erfaring med prosjektarbeid og arbeid i team, gjerne på tvers av fagmiljø

Om deg

  • Du er fagleg engasjert
  • Du kan jobbe strukturert og sjølvstendig, men også godt i team med andre.
  • Du kan handtere mange saker.
  • Du har evne til å skape tillit og å finne gode løysingar.
  • Du kan arbeide på ryddig måte med både interne og eksterne aktørar
  • Du har interesse for kunnskapsdeling og trivast med formidling av faget.
  • Du bidrar til godt samarbeid og arbeidsmiljø, også med kollegar med annet kontorstad.
  • Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.

Vi tilbyr

sterkt tverrfagleg miljø

  • innflytelse på viktige samfunnsområde
  • stor kontaktflate, både internt og eksternt
  • familievenleg og fleksibel personalpolitikk
  • gode arbeidstidsordningar (fleksitid, sommartid, betalt overtid)
  • trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse som blant annet gir gode vilkår for lån
  • Lønn etter kvalifikasjonar og i samsvar med NVEs lønnspolitikk med innplassering i stillingskode førstekonsulent/rådgivar/ seniorrådgivar ev. avdelings-/over-/ senioringeniør (1407/1434/1364 ev. 1085/1087/1181) etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kan høgare løn bli vurdert. Frå løna blir det trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på: arbeidsgiver.difi.no (Arbeidsgiverportalen).

Legg ved vitnemål og attestar elektronisk. Søknadspapir vert ikkje returnert.

Dersom du ønskjer å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette. Vi varslar deg dersom vi ikkje tek ønskje ditt til følgje. Du vil då få høve til å trekkje søknaden før den vert gjort offentleg.

Ved behov kan det bli gjennomført ein utvida referansesjekk av kandidat(ar) som blir innstilte. Dette inneber dokument- og kjeldekontroll for å stadfeste opphav og gyldigheit, m.a. informasjon i CV, eller dokument som er lagt ved.

Norges vassdrags- og energidirektorat Kulturbilde