Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Vernepleiar

www.sfj.noFirda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 320 elevplassar og om lag 65 tilsette. Store delar av skuleanlegg er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. Skulen sin visjon er: Firda – meir enn ein skule. Vi ynskjer å vere  ein inkluderande danningsarena for alle, både elevar og tilsette

Fast stilling som vernepleiar frå 01.08.2017

Arbeidsoppgåver

  • Helsefagleg og sosialpedagogisk ansvar for elevar med nedsett funksjonsevne og ulike hjelpebehov 
  • Rettleiaransvar for andre tilsette 
  • Ansvar for tilrettelegging av skulekvardagen i samarbeid med lærarar og assistentar 
  • Deltaking i ansvars- og koordineringsgrupper 

Personlege eigenskaper

  • Evne til å kommunisere og motivere 
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre 
  • Godt humør 
  • Løysings- og resultatorientert 

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i vernepleie 
  • Det er ynskjeleg at søkjar har erfaring med målretta læringsarbeid 
  • Stillinga krev god skriftleg og munnleg framstillingsevne. 
Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader. Den som blir tilsett må legge fram politiattest. 

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Sogn og Fjordane fylkeskommune sin lønspolitikk. 
  • Stillinga vert lyst ut som ei 100% stilling som føl skuleåret. Det vil sei at lønsprosenten er 89%. 
  • Tid til planarbeid og internt/eksternt samarbeid 
  • Pensjons- og forsikringsordningar 
  • Godt arbeidsmiljø 
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida www.firda.vgs.no

Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stilling. 

Om søknaden:
Bruk elektronisk søknadsskjema som du finn på www.sfj.no. Gje opp minst to referansar. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til spesialpedagogisk koordinator Turid Korterud, tlf. 415 30 882 eller rektor Hallgeir Hansen, tlf. 415 30 885. 

Søknadsfrist: 10. mars 2017

Søknadsfrist: 10.03.2017

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Leikanger
Askedalen 2
576 38 000
Send e-post
Vis nettside
» Les meir om Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sandane, Norge

Footer