Er du god på programmering?

Vi søkjer senior systemutviklar

Digitaliseringsdirektoratet søkjer ein erfaren systemutviklar til eInnsyn som er ei felles innsynsløysing for heile offentleg sektor. Gjennom eInnsyn kan alle innbyggarar få tilgang til, og innsyn i offentleg forvaltning si saksbehandling og avgjerder.

eInnsyn har som visjon å fremja openheit og demokrati. Openheit bidrar til legitimitet, tillit og respekt for forvaltinga slik at samfunnsdebatten kan gjennomførast på eit best mogleg informert grunnlag. Offentlegheitsprinsippet er difor ein av hjørnesteinane i det norske demokratiet.

Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Vi har alltid fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, samtidig som vi arbeider med spennande teknologiar.

I Digitaliseringsdirektoratet vil du bli ein del av eit større fagmiljø på snart 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor Digitaliseringsdirektoratet.

Vårt utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar. Som medarbeidar hjå oss vil du ha stor påverking på val av teknologi og verktøy i ditt team.

Stillinga er fast med kontorstad i Sogndal kommune. Kontorstad på ein av våre andre lokasjonar, i Brønnøysund eller Oslo, kan vurderast i særlege tilfelle.


Digdir søker utviklar til eInnsyn from Digitaliseringsdirektoratet on Vimeo.


Dine oppgåver

  • systemutvikling i eit smidig produktteam
  • delta i design, utvikling og forvaltning av eInnsyn
  • bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivareteke
  • jobbe med avansert arkitektur ved bruk av sky-teknologi
  • bidra til automatisering, kontinuerleg integrasjon & deploy i vår byggepipeline
  • vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse
  • utforske mulegheiter for bruk av maskinlæring og kunstig intelligens innan dokumenthandtering


Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering og systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad
  • minst tre års erfaring innanfor systemutvikling
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:

  • systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • utvikling og bruk av Elasticstacken – Elasticsearch, Kibana
  • løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
  • teamarbeid med utvikling basert på smidige metodar
  • kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing
  • utvikling med bruk av semanstisk teknologiar, NoSql og lenka data
  • Docker, Kubernetes og mikrotenestearkitektur

Vi søkjer deg som

  • jobbar godt sjølvstendig og i team
  • er løysingsorientert og tek initiativ når du ser nye moglegheiter
  • har god evne til å vidareformidle kunnskap og kommunisere klart med leiinga og dine kollegaer


Vi tilbyr deg

  • spennande arbeidsoppgåver med stor friheit i val av verktøy
  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 524 200 - kr 848 800 pr. år, etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida
  • I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.


Om Digitaliseringsdirektoratet

Digitaliseringsdirektoratet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Direktoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Sogndal og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelinger og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle. Vår visjon er saman for ein enklare digital kvardag.

Direktoratet er regjeringas verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Gjennom digitalisering skal vi bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og meir verdiskaping for næringslivet.

Digitaliseringsdirektoratet

Søknadsfrist

søndag 6. desember 2020

Kontaktpersonar

Seksjonsleiar Jørn Stenehjem

Seniorutviklar Øystein Høyum

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.