Sakshandsamar innan plan og byggesak

Me har ledig
Aurland kommune har ledig mellombels 100% stilling som sakshandsamar innan plan og byggesak. Stillinga er plassert i stabsavdelinga forvaltning og utvikling. Avdelinga sine arbeidsoppgåver er primært knytt til samfunnsutvikling m.a. planlegging, næringutvikling, vassforvaltningsplanar og byggesakshandsaming. 

Stillinga er mellombels i eitt år frå 01.01.21. Forlenging og fast tilsetting kan vere aktuelt.

Arbeidsoppgåver
-digitalisering innan byggesak
-byggesakshandsaming
-plansakshandsaming
-generelt råd og rettleiing

Aurland kommune er i gang med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel og skal i 2021 starte rullering av arealdelen til kommuneplanen. I tillegg til kommunale planar er det fleire private reguleringsplanar under arbeid og generelt høg byggeaktivitet i kommunen.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha minimum 3 års høgskuleutdanning som er dekkande for arbeidsområdet. Relevant praksis vert vektlagt.
Særleg relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning.

God kompetanse på relevant lovverk og digital kompetanse er ein føresetnad.

Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftleg målform.

Søkjar bør ha førarkort i klasse B og kunne disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

Hjå oss vil det vere gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling. 
Evne til å arbeide sjøvstendig, strukturert og forholde seg til fristar er viktig.
Vi vektlegg at du ha ein positiv veremåte, er løysingsorientert og at du kommuniserer godt både skiftleg og munnleg. 

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon. Gjeldande lønsplassering for tilsette med 3-årigutdanning er 400.000-500.000 avhengig av ansiennitet. For søkjarar med relevant mastergrad er gjeldande lønsnivå 500.000-600.000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere individuell lønsplassering.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Kontaktperson

Norunn Haugen, Leiar for forvaltning og utvikling, tlf: 47674567, mobil: 47674567, norunn.haugen@aurland.kommune.no

Aurland kommune

Søknadsfrist

lørdag 12. desember 2020

Kontaktpersonar

Norunn Haugen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.