2 fastlønna stillingar som spesialist i allmennmedisin

Me har ledig

Legekontoret i Aurland har nå ledig 2 legestillingar med fastlønn, samt fastlønn ved legevakt med 12 delt vaktbelastning.
Stillingane er knytt til Aurland legekontor som har 3 legestillingar samt LIS 1 stilling. Kontoret er velutstyrt og har eit hjelpepersonell på 3 med sjukepleiar og legesekretær i staben. Legekontoret er samlokalisert med rus- og psykiatritenesta, helsestasjon med jordmor, fysioterapi, ergoterapi, treningskontakt og koordinator og er organisert som del av tenesteeininga Helse og Førebygging.

Som kommunal fastlege i Aurland vert du ein del av interkommunal legevakt stasjonert ved Lærdal Sjukehus. Vaktordninga er 12 delt, eller skjeldnare. Legevakta er tilstedevakt i legevakta sine lokale på sjukehuset, i eit breitt fagmiljø, med fri etter vakt. Legevakta er fastlønna. Lege på vakt har også tilsyn med dei 4 interkommunale KAD sengene.

Kommunen nyttar INFODOC som journalsystem.

Me tilbyr

- Fastlønn - også på legevakt
- Høgt fagleg nivå i tenestene og eit kreativt og utviklande fagmiljø
- Gode kollegaer
- Samlokalisering og godt sammarbeid med andre kommunale helsetenester
- Konkurransedyktige vilkår
- IA bedrift med godt tilrettelagde ordningar
- Gunstige pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe barnehageplass
- Hjelp til å skaffe arbeid til partner

Kvalifikasjonar

- Godkjent norsk autorisajon som lege
- Spesialist i almennmedisin.
- For lege som ikkje har spesialisering men ynskjer å starte i spesialiseringsløp i almennmedisin, vil kommunen  legge til rette for dette.
- Søkjar må ha fullført norsk turnusteneste / LIS 1 eller dokumentere godkjent tilsvarande teneste av Statens  Autorisasjonskontor, som gir høve til å praktisere  som fastlege.
- Ha refusjonsrett frå Helfo
- Relevant erfaring frå kommunehelsetenesta er ein føremon
- Krav om gode norskunnskapar, skriftleg og munnleg. Språknivå vil verte tillagt vekt i tilsetjingsprosessen
- Godkjend politiattest jfr helsepersonellova før tiltreding i stillinga
- Kjennskap til norsk helsevesen og helselovgivning
- Førarkort for bil og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst 3 månadar i land med høg førekomst av tubekulose, må ved tilsetning kunne leggje fram godkjend tubekulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.

Personlege eigenskapar

- evne til å arbeide sjølvstendig
- gode evner til sammarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande.
- gode evner til kommunikasjon
- evne til omstilling

I stillinga som kommunelege inngår

- Fastlegeoppgåver - listelengde inntil 800.
- Legevakt på dagtid, vert fordelt mellom legane på kontoret
- Deltakarplikt i interkommunal legevakt med 12 delt turnus

Grunna rekruttering av to legar samtidig, vil det vere natuleg å sjå på fordelinga av dei kommunale oppgåvene som helsestasjon, sjukeheim osb mellom legane, og listelengde på fastlegelista.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Tiltreding etter avtale

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Kontaktperson

Guri Olsen, Leiar Helse og førebygging, mobil: 95984663, guri.olsen@aurland.kommune.no

Aurland kommune

Søknadsfrist

lørdag 12. desember 2020

Kontaktpersonar

Guri Olsen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.