Miljøkoordinator

Fylkesmannen har tildelt Høyanger kommune prosjektmidlar til auka innsats i arbeid innan kommunalt rusarbeid. 100% prosjektstilling i eitt år frå snarast med høve til forlenging ved forlenga prosjektmidlar. Stillinga vert organisert under Open omsorg i Høyanger kommune.  

Stillinga vil i hovudsak vere retta mot aldersgruppa 13-25 år der fokus vil vere å styrke arbeidet mot utsett ungdom. Kommunen har både ungdomsskular og vidaregåande skular og ein vil ha fokus på å vere tilstades der ungdomane er, av den grunn må ein pårekne noko arbeid på kveldstid og i helgar. Stillinga vil vere eit viktig bindeledd mellom ulike instansar på tvers av fagfelt. Naturlege samarbeidspartar er m.a. SLT koordinator, skulehelsetenesta, skulane, miljøkoordinator, kommunepsykolog og politiet.

Til stillinga ligg også arbeid med kompetanseheving blant alle som arbeider opp mot barn og unge for å greie å identifisere rusproblem så tidleg som mogleg. Dette betyr samarbeid på tvers av etatar, organisasjonar og kommunar der heile familien er sentral.

Krav til søkjarane:

Vi ynskjer deg som har relevant høgskuleutdanning. Eventuelt kan lang relevant erfaring frå liknande arbeid kompensere for utdanningskravet. Har du erfaring frå arbeid med menneske i utfordrande situasjonar, er det ei føremon. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Du må ha gode evner til kommunikasjon og ha god innsikt i målgruppa som du skal arbeide med. Du må ha grunnleggande IKT kunnskapar og ha førarkort kl B

Løn etter gjeldande tariff. Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest.

Høyanger kommune

Søknadsfrist

søndag 1. november 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Inger Johanne Walsvik Berge

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.