Psykisk helsearbeidar, vikariat

Vi har ledig 80% vikariat i perioden 01.11.20 – 31.07.21

Psykisk helseteneste yter hjelp til menneske som av ulike årsaker har utfordringar med den psykiske helsa. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre tilhøve som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta yter hjelp ut i frå kvar enkelt pasient sine behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring i eige liv.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til oppfølging av menneske i alle aldrar, mellom anna med støttesamtalar, grupper og samarbeid med andre tenester. Hovuddtyngda av brukarar vil vere barn/unge og unge vaksne.
Det vil bli forventa at ein bidrar til vidareutvikling av tenestene, både på systemnivå og inn mot brukargruppa. Det er i tillegg forventa at ein utfører andre arbeidsoppgåver som er relevante i tenesta.
Eventuelle endringar i drift av tenestetilbodet kan forekome og stillinga vil i så tilfelle tilpassast dette.

Sjå fullstendig utlysing og søk på stillinga her



Gloppen kommune

Søknadsfrist

søndag 4. oktober 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.