Lærar ved Nordfjordeid skule

Stad kommune har ledig 100 % vikariat som lærar ved Nordfjordeid skule  frå 12.10.2020 til 31.07.2021.

Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen er ein barneskule, 1-7 med 335 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar.

Vi søkjer særleg grunnskulelærar 1-7 med vidareutdanning i andrespråkspedagogikk. 
Meir informasjon om Nordfjordeid skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
  • Leie klasser og grupper
  • Samarbeid med foreldre og føresette
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som grunnskulelærar 1-7, men grunnskulelærar 5-10 og faglærar kan bli vurdert
  • Vi søkjer særleg kompetanse i andrespråkspedagogikk. Norsk begynnaropplæring og spesialundervisning er også viktig kompetanse i denne stillinga
  • Politiattest skal leverast før start i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Er sjølvstendig og systematisk
  • Har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er utviklingsorientert
  • Gode kunnskapar innan IKT

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med rektor.

Stad kommune

Søknadsfrist

søndag 27. september 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Anne-Grete Eikås

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.