Kommunalsjef helse og omsorg

Er du en strategisk og samlande toppleiar som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?  Sogndal kommune søkjer kommunalsjef med ansvar for tenesteområde helse og omsorg. Sektoren er inne i ei spennande tid. Behovet for tenestene aukar, velferdsteknologi og endra arbeidsformer vert tekne i bruk. Som kommunalsjef er du sentral for at me skal lukkast med gode tenester og kontinuerleg forbetring på området. Ønskjer du å gjere ein forskjell i vår kommune? 

Kommunalsjefen skal
• styre og leie tenesteområde, sikre strategisk utvikling og heilskaplege tenester
• sikre god budsjettering og økonomistyring
• samordne, følgje opp og drive fram faglege- og organisatorisk utvikling
• sikre god kommunikasjon internt og eksternt 
• inngå i rådmannen si strategiske leiargruppe

Sentrale ansvarsområde
Helse og omsorg består av 3 sjukeheimar, 3 omsorgsbasar for heimesjukepleie, 3 avdelingar med bu- og miljøteneste, vedtakskontor for helse og omsorg, fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helse og rusteneste samt legeteneste. Samla sett er det om lag 500 medarbeidarar i sektoren. Kommunalsjefen har personalansvar for 14 personar; tenesteleiarar samt stab og støttepersonar.

Formelle kvalifikasjonskrav
• Relevant helse- og sosialfagleg utdanning  fortrinnsvis master, minimum bachelor 

Du må ha 
• God kunnskap og interesse for ansvarsområdet
• Erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid 
• Leiarerfaring med gode resultat 
• Evne til å kommunisere godt skriftleg og munnleg

Det er også fint om du har 

• Erfaring frå prosjekt med brukarretting og heilskaplege tenester
• Praksis frå helsesektoren- og omsorgssektoren
• Formell leiarutdanning

Me ynskjer deg som 
• Får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde 
• Deler eigne og er open for andre sine tankar, idear og innspel 
• Er god til å formidle, forankre og få folk med på laget 
• Er nysgjerrig, ser nye moglegheiter, lyttar og inviterer til mangfald 
• Har rolleforståing for kva det betyr å arbeida i ein politisk styrt organisasjon

Me tilbyr: 
• Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
• Eit inspirerande fagleg miljø utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst 
• Fast 100% stilling som kommunalsjef. Løn etter avtale.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar 
• Gode velferdsordningar

Sogndal kommune

Søknadsfrist

søndag 20. september 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.