Løns- og personalmedarbeidar

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som løns- og personalmedarbeidar frå 01.01.2021. Stillinga er plassert i stabseining for personal og kommunikasjon. Arbeidsstad er i utgangspunktet Nordfjordeid, men det kan avtalast arbeidsstad i Selje i enkelte periodar.

Stabseining for personal og kommunikasjon skal leggje til rette for gode organisasjons- og personalprosessar, god dokumentforvaltning og god informasjon og kommunikasjon internt i organisasjonen og ut mot innbyggjarane.

Eininga har i dag ansvar for oppgåver i samband med løns-, personal- og arbeidsgjevarfunksjonane og skal støtte og legge til rette for dei 32 einingane i Stad kommune. Eininga har også ansvar for post-og arkivfunksjonane inkludert skanning av dokument til mange av fagsystema i kommunen og skal legge til rette for auka digitalisering av tenester. Eininga har vidare ansvaret for sentralbordet i Stad kommune og publikumsfunksjonar i Stad rådhus. Eininga legg til rette for og koordinerer politiske møte, valgjennomføring, informasjon og kommunikasjon og bidreg til å gjennomføre ulike arrangement i regi av kommunen.

Vi treng no å styrke oppgåvegjennomføringa på løns- og personalområdet.

Arbeidsoppgåver

Som løns- og personalmedarbeidar vil du få ansvaret for å følgje opp og vere kontaktperson for einingsleiarane i spørsmål som gjeld løn og arbeidsvilkår. Du er primærkontakt for definerte einingar etter intern fordeling, men arbeider i team med dei andre lønsmedarbeidarane for å sikre overlapping. Du vil få eit særleg ansvar for avstemmingar mot økonomisystemet og rapporteringsarbeid.

  • Avstemming løn/økonomi og rapportering AA-melding, PAI, KLP og SPK
  • Arbeid i samband med lønsregistrering, lønskøyring og sjukepengerefusjonar
  • Ansvar for å følgje opp og halde ved like lønssystemet og tilhøyrande forsystem
  • Bidra til å vidareutvikle og digitalisere løns- og personalsystemet
  • Saksbehandling på personalområdet etter intern fordeling
  • Bidra til å utvikle og forbetre rutinar og reglement på arbeidsområdet

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskulenivå med hovudvekt på økonomi 
  • Gjerne vidareutdanning innan revisjon, rekneskap, ikt eller juridiske fag
  • Gjerne kjennskap til lov- og avtaleverket på løns- og personalområdet
  • Godt språk både munnleg og skriftleg
  • Gjerne erfaring med liknande arbeid i offentleg eller privat verksemd
  • Kjennskap til fagsystem som Visma enterprise, Expense, Tieto ressursstyring (RS), Acos websak, Webcruiter og Compilo vil bli tillagt vekt
  • For stillingskode som førstekonsulent vert det stilt krav om relevant bachelorutdanning

Personlege eigenskapar

  • Evne til å organisere arbeidsoppgåvene og følgje fristar
  • Evne til å takle mange arbeidsoppgåver og høgt tempo
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Nøyaktig og tek initiativ til forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver
  • Vere med på å vidareutvikle kommunen
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden.

Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med stabsleiar personal og kommunikasjon.

Stad kommune

Søknadsfrist

søndag 4. oktober 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Ingunn Rotihaug

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.