Postdoktor

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.
HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet vert organisert i 5 forskingsprogram, 3 sentre og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Senter for fysisk aktivitet og læring.

Det er ledig ei 2-årig mellombels stilling som postdoktor knytt til Senter for fysisk aktivitet og læring (SEFAL). Fakultetet har fem forskingsprogram, med tilhøyrande forskargruppe der kandidaten vil bli knytt til forskargruppa "Lek, spill og deltakande læring".
Kandidaten/Postdoktoren vil ha tilhøyrigheit i SEFAL og fokusområde innanfor forskingsfeltet fysisk aktiv læring (FAL) i grunnskulen. SEFAL vart etablert ved HVL, campus Sogndal, i august 2018. SEFAL har 13 tilsette og er leia av professor Geir Kåre Resaland. SEFAL tilbyr, som den einaste i Norge, høgskuleutdanning i fysisk aktiv læring i skulen både som etterutdanning utan studiepoeng og vidareutdanning på masternivå med 15 studiepoeng. Det er ein sterk dynamisk kobling i SEFAL-utdanningane mellom det faglege (FAL) og det å utvikle læraren sin pedagogisk praksis (på engelsk: teacher professional development). Det er difor ønskjeleg med ein kandidat som har pedagogisk og/eller didaktisk kompetanse. Kandidaten vil arbeide med data knytt til praksisfeltet i grunnskulen, det er difor gunstig med kunnskap om praksisfeltet i skulen og undervisningserfaring frå grunnskulen. Det er knytt betydeleg med forsking kring SEFAL-utdanningane, og SEFAL har eit stort internasjonalt fagleg nettverk.
Tilsetjing i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitenskaplege stillingar. Det særskilde fokuset i denne stillinga er internasjonal publisering innanfor ramma av forskingsdata knytt til SEFAL.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil vere ein del av SEFAL med arbeidsplass ved campus Sogndal. SEFAL har som mål å vidareutvikle forsking innanfor fysisk aktiv læring som undervisningsmetode i grunnskulen. Det er eit betydeleg og allsidig tilgjengeleg datamateriale og potensiale for framtidige data i SEFAL, og ein postdoktor vil kunne nytte både kvalitativ og kvantitativ data eller ein kombinasjon. Hovudfokuset til postdoktoren vil vere SEFAL-data frå fleire hundre lærarar og rektorar som er ein del av SEFAL-utdanningane. Sentralt i SEFAL er å undersøkje lærarar og rektorar sine erfaringar med SEFAL-utdanninga samt korleis utdanninga bidreg til at lærarane utviklar sin undervisningspraksis, både individuelt og kollektivt. I tillegg vil forskargruppa ha ambisjon om å søkje EU-midlar i 2021 og internasjonal publisering og prosjektutvikling er viktige mål i forhold til å styrkje forsking på dette feltet.

I løpet av postdoktorperioden på 2 år er det forventa at kandidaten skal:

  • publisere minst 5 artiklar
  • publisere nokon av desse artiklane på nivå 2
  • sampublisere med internasjonale partnarar (på engelsk)

 
Stillinga kan og innebære prosjektutvikling som støttar SEFAL si virksomheit og som er relevant for kvalifisering på toppnivå.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar skal leggje fram forslag til prosjektskisse for kvalifiseringsarbeidet basert på hovudprosjektet. Det vert forutsett at søkjaren vil kunne gjennomføre delprosjektet i løpet av tilsettingsperioden og at skriftlege vitenskaplege arbeid er innsendt for vurdering i tidsskrifter innan 2 år. Prosjektskissa skal vere på inntil 5 sider inkludert referansar, framdrifts- og publiseringsplan (skriftstørrelse 12, Times New Roman og linjeavstand 1). Skissa kan skrivast på skandinavisk eller engelsk språk.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga  (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje postdoktor stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.
Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på innleverte vitenskaplege arbeid og gjennomførbarheit av forslag til prosjekt for kvalifiseringsarbeidet. Søknadsbrevet bør innholde motivasjon for stillinga og ei grunngjeving for kvifor kandidaten er egna for stillinga.
 
Søkjarar må ha oppnådd Ph.d.-grad innanfor fagfeltet pedagogikk, didaktikk og/eller fysisk aktiv læring i skulen, eller må ha levert doktorgradavhandlinga til vurdering og fått fastsett disputasdato innan søknadsfristen. Avhandlinga må fortrinnsvis ikkje vere eldre enn 5 år.

  • Erfaring med artikkelskriving.
  • Arbeidsspråk er norsk og engelsk.
  • Publiseringsspråk er engelsk så det er krav om gode skriftlege ferdigheiter i engelsk.

 
Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå utdanningsforsking.
  • God forskingsmetodisk kompetanse.

 
Personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeids- og formidlingsevne.
  • Personlege og mellommennesklege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Fagleg amisiøs med stort potensiale.
  • Kandiaten vil arbeide saman med andre tilsette i SEFAL-teamet og gode samarbeidsferdigheiter er difor viktig.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarane vert vurdert av eit sakkyndig utval. Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som postdoktor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1352.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. 

Generell informasjon:

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stillinga.
Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hull i CV. 

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Professor Geir Kåre Resaland, e-post: geirkr@hvl.no, telefon: 416 21 333.

2) Prodekan for forsking Torill M. B. Larsen, e-post: tbla@hvl.no, telefon: 415 01 127.

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

søndag 23. august 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.