2 ledige fastlegestillingar i Luster kommune

Me har ledig 2 stillingar for fastlege ved Luster legekontor. Ei stilling har 600 på lista samt 24% stilling på somatisk sjukeheim og er ledig frå 01.10.20. Den andre stillinga har listestorleik ca 700 og er ledig frå 01.09.20.

Me er til saman 8 fastlegar og ein turnuslege, 5 er spesialister i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering og har ALIS avtale. Me brukar CGM-Allmenn, har eit godt utstyrt legekontor med bl.a. eige undersøkingsrom for gynekologi, ØNH, Ultralyd, EKG/Spirometri /Tympanometri/Holter/24timers BT. I tillegg eigen godt utstyrt legevaktsbil. Me samarbeider godt med ambulansetenesta som ligg i same bygning som legekontoret. Godt samarbeid med pleie
og omsorgstenesta der me og har 2 KAD (ØHD) senger.

Legekontoret har i årevis hatt god fokus på fagutvikling og internundervisning. Me har eit godt, inkluderande og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Legevakta er 10 delt. Eige vaktdistrikt. Me nyttar oss av legevikarar til legevakt i ferieperiodar. Dette gjer gode moglegheiter for fleksibel ferieplanlegging for dei faste legane. Legane har morgonmøte
dagleg der vaktarbeidet og/eller interessante/problematiske case er tema, smågruppe-undervisning 1 time kvartorsdag.

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar. Dersom du har behov for hjelp til å søkje kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00. Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette.
Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.
Søknadsfrist 16.08.20


Luster kommune

Søknadsfrist

søndag 16. august 2020

Kontaktpersonar

Knut Cotta Schønberg

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.