Rådgjevar - statistikk, kart og analyse

Seksjon for statistikk, kart og analyse skal vere i front på kommunale og regionale analysar for å stø fylkeskommunen som ein aktiv og kunnskapsbasert regional utviklingsaktør, og bidra til å løfte analyse- og kunnskapsproduksjonen både i kommunane og i dei andre fagavdelingane i fylkeskommunen.

Seksjonen har ei nøkkelrolle i koordinering, innsamling, handsaming, utvikling og formidling av kart- og statistikkarbeid i fylket. Viktige leveransar frå seksjonen er kart- og statistikkforvaltning, befolknings- og bustadframskrivingar, kunnskapsgrunnlag til regionale planar og strategiar, kartlegging og oversikt over folkehelsa, og ei mengde oppdragsbaserte analysar og rapportar.

Stillinga inngår i eit team på to i seksjonen som har som formål å vidareutvikle og bruke fylkeskommunen sine geografiske informasjonssystem, og koordinere denne informasjonen med fylkeskommunen sin øvrige statistikk-, kart og analyseproduksjon. 

Seksjonen skal delta aktivt i nasjonale fagnettverk for statistikk, kart og analyse.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inngår i seksjonen sin daglege statistikk- og analyseproduksjon, herunder:
    • Kvantitative og kvalitative analysar
    • Visualisering, publisering og presentasjon av statistikk og analysar
    • Digitalisering av datagrunnlag/automatisering av løpande oppdateringar
    • Koordinering og kvalitetssikring av kunnskapsformidling frå andre avdelingar
    • Rådgjeving til interne og eksterne aktørar 
 
  • I tillegg er det lagt særskilte GIS-oppgåver til stillinga: 
  • Utvikling og bruk av GIS som analyseverktøy: 
    • Publisere og vedlikehalde data i fylkeskommunen sine offentlege karttenester
    • Vidareutvikle brukarløysingar  
    • Sjå heilskapen av behov og vere drivar for vidareutvikling innan fagfeltet
  • Stø og utføre oppdrag for fagavdelingar og temaplanar:  
    • Opplæring og tilrettelegging
    • Geografiske analysar
    • Lage tematiske kart 
  • Representere fylkeskommunen i ulike utval under Norge Digitalt-samarbeidet, og i fylkeskommunalt GIS-nettverk    



Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet: mastergrad eller høgare 
  • Kvantitativ metodekunnskap og erfaring med statistikkprogramvare
  • Erfaring med GIS-programvare, herunder drift og konfigurasjon av server, desktop og web-GIS
  • Erfaring med geografiske analyser og framstilling av kartdata, også via nettløysingar
  • Generell innsikt i drift og vedlikehald av data i filstruktur og database
  • Kjennskap til vedlikehald og utvikling av prosesseringsløyper for automatisert dataflyt  


Personlege eigenskapar

  • Gode analytiske evner
  • God norsk munnleg og skriftleg formidlingsevne. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Kreativ, løysingsorientert, metodisk allsidig
  • Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig  


Vi tilbyr

  • Stillingsnemning rådgjevar/spesialrådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø  
 
Andre opplysningar 
Seksjonen har kontor både i Bergen/Sandsli og Leikanger, og ligg organisatorisk i stabsavdeling for strategisk utvikling og digitalisering.
Stillinga vil ha kontorstad Leikanger, tett på avdelingsleiinga saman med ein
analyserådgjevar, mens den andre GIS-rådgjevaren og analyserådgjevaren har kontorstad
Bergen saman med seksjonsleiar. Litt reiseaktivitet mellom kontorstadane må

påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.


Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 


Vestland fylkeskommune

Søknadsfrist

søndag 16. august 2020

Kontaktpersonar

Stian Skår Ludvigsen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.