Vi søker ein kalkulatør

Gravdal Bygg as har mange oppdrag og er stadig med i nye konkurransar. No treng vi ein fagleg dyktig kalkulatør med erfaring frå byggebransjen.

Som kalkulatør vil du få følgjande oppgåver:

  • Kalkulasjon av eigenutvikla prosjekt og prosjekt frå offentleg og privat sektor. 
  • Innhente prosjektprisar på vareleveransar. 
  • Innhente prisar frå underentreprenørar.
  • Delta i val av samarbeidspartnerar.

Vi ønskjer at du:

Er fagleg dyktig, engasjert og ambisiøs.

Jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevner. 

Likar utfordringar og tek ansvar.

Er fleksibel, ryddig og strukturert

Har god IT-kunnskap og gjerne erfaring med bruk av kalkulasjonsverktøy. 


Kvalifikasjonar:

  • Stillinga som kalkulatør krev at du er utdanna tømrar med meisterbrev, eller er tømrar med erfaring, med tillegg av teknisk fagskule. 


Vi tilbyr:

Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver.Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Søknadsfrist 14.08 2020

Send søknad og CV til Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth: sms@gravdal.no. Du kan også ta kontakt på telefon 48 88 18 14 for meir informasjon.

Gravdalgruppa

Søknadsfrist

fredag 14. august 2020

Kontaktpersonar

Sverre Martin Stensæth

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.