Prosjekteringsleiar

Er du ein strukturert prosjekteringsleiar? Som kan vere med og sikre framdrift, kvalitet, økonomi og HMS i våre prosjekt? 

Som prosjekteringsleiar får du følgjande oppgåver:

  • Leie tverrfagleg gjennomføring av prosjektering iht. planlagd framdrift.
  • Utarbeide beslutnings- og prosjekteringstidsplanar.
  • Sikre effektiv framdrift i prosjekteringa gjennom god styring og leiing.
  • Påverke val av løysingar i prosjekta som sikrar trygg og effektiv produsjon.
  • Ha ansvar for HMS i planleggings- og prosjekteringsfasen.
  • Kvalitetssikre skildringar, berekningar og teikningar.
  • kommunikasjon med byggherre og styresmaker.
  • Legge til rette for god kommunikasjon mellom interne ressursar og samarbeidspartnerar i prosjekta du leiar.
  • Delta i val av samarbeidspartnerar.
  • Utarbeide planar for kontroll av prosjektering og oppfølging.

Vi ønskjer at du:

  • Har evne og interesse for å leie menneske og prosessar.
  • Er fleksibel og jobbar målretta og systematisk.
  • Er sjølvstendig og samstundes har gode samarbeidsevner.
  • Likar utfordringar og tar ansvar for utvikling av bedrifta.
  • Trivst med ein hektisk kvardag.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant bachelor/mastergrad eller tilsvarande. 
  • Fagkompetanse innan prosjekteringsleiing, inkludert bruk av relevante IT-verktøy innan prosjektplanlegging og økonomi.
  • Du har kunnskap om verktøy som BIM mm.
  • Bakgrunn som byggherre, konsulent eller entreprenør er ein fordel. 


Vi tilbyr: 

Ein organisasjon med eit godt kompetansemiljø der vi har mange spennande prosjekt som skal realiserast framover. Vi nyttar LEAN i styringa av våre prosjekt. Du vil bli ein del av teamet med prosjekt- og byggeleiarar som saman med støttefunksjonane våre løyser spennande oppgåver. Vi tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår.

Søknadsfrist: 14.08. 2020

Send søknad og CV til Gravdal Bygg as v/Sverre Martin Stensæth, sms@gravdal.no.

Du kan også ta kontakt på telefon 48 88 18 14 for meir informasjon.

Gravdal Bygg as er entreprenørselskapet i Gravdalgruppa. Hovudaktiviteten er totalentreprisar innan privat sektor, i hovudsak bustadmarknaden. Vi har også lang erfaring med bygging av næringsbygg, og omsorgsbustader, skular og barnehagar til offentleg sektor. Gravdalgruppa sitt hovudkontor ligg i Førde, og i tillegg har vi avdeling i Bergen. Vi er ca. 50 tilsette. Gravdalgruppa as er ein del av Hellvik Gruppen as.

Gravdalgruppa

Søknadsfrist

fredag 14. august 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.