Samhandlingskoordinator

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.

Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Det er kring 1300 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år. Totalt har vi 74 årsverk og nærare 100 tilsette. Som tilsett hjå oss er du del av eit breitt tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement.

Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er sam-lokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen United World College og elevane representerer eit stort mangfald  på campus. Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa, og som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både inne og ute.

Samhandlingskoordinator 100 % fast stilling

Vi har ledig 100 % stilling for samhandlingskoordinator ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Samhandlingskoordinator skal være bindeledd mellom senteret, NAV, kommunehelsetenesta, sjukehusa, arbeidsgjevarar og skular. Samhandlinga skal sikre eit saumlaust forløp og bidra til at pasienten får den støtte og oppfølging lokalt som er nødvendig for å gå vidare i sin rehabiliteringsprosess. Det er utvikla gode rutinar for samhandling ved senteret med utgangspunkt i samhandlingsreforma og kunnskapsbaserte arbeidsmetodar.

Samhandlingskoordinator vil arbeide tett saman med tverrfagleg team og følgje opp enkelt pasientar individuelt. Arbeidsoppgåvene vil bestå av samtalar, undervisning og rettleiing. Det er ynskjeleg at samhandlingskoordinatoren er involvert i arbeid med barne- og ungdomsgrupper. Senteret held på å utvikle eit tilbod til utsett ungdom og samhandlingskoordinator vil kunne få ei sentral rolle i dette prosjektet.

KVALIFIKASJONAR

  • 3- årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag eller utdanning/pedagogikk.
  • Erfaring/interesse for arbeid med barn og ungdom.
  • Kompetanse eller erfaring med samtalegrupper og gjerne kompetanse innan kognitiv terapi, motiverande intervju eller tilsvarande.
  • God kommunikasjonsevne og gjerne erfaring frå undervisning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk)
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Du bør ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere systematisk og ha gode kommunikasjonsevner. Kjennskap til offentleg forvaltning og kommunale tenester vil vere ein fordel. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Det er krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

VI TILBYR     

  • Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar.
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og deltaking i forsking- og prosjektarbeid
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Senteret er stengt jul/nyttår
  • Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad


TILSETTING:

Etter avtale

SØKNAD MERKAST:

Samhandlingskoordinator

SØKNAD SENDAST TIL:  ledigstilling@rkhr.no

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Søknadsfrist

lørdag 1. august 2020

Kontaktpersonar

Inger Johanne Osland

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.