Vikariat lærar

Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen har fått godkjenning av Utdanningsdirektoratet  for 15 elevar på 1. – 7. trinn, og startar opp hausten 2020. Skulen vil få statsstøtte og vil bli driven etter godkjend læreplan for EnSpire skular. Vi ynskjer å vera ein skule for alle, og tek ikkje foreldrebetaling.

Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke. Det er ca 3,5 mil til Vik sentrum. Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt– ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 – 50 tilsette. Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir  høve til eit aktivt og rikt  friluftsliv. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert i Fresvik.

Vikariat lærar

Vi søkjer etter vikar ved nyoppretta Fresvik EnSpire skule:

Pedagog: 100% - frå 05.08.2020-30.03.2021

Stillingstype: Mellombels tilsetjing

Om stillinga

Vi ynskjer oss ein lærar som ser ressursane hjå den enkelte elev og har evne til å engasjera elevane i meiningsfullt læringsarbeid.

Krav til kompetanse

·       Lærarar må ha godkjend undervisningskompetanse, tilsvarande krava i den offentlege skulen

Ynskjeleg kompetanse

·       Didaktisk og pedagogisk kompetanse til å møta ulike elevar

·       God på klasseleiing og tydeleg leiar i læringsaktivitetar

·       Fagleg dyktigheit vil bli vektlagt

·       Fagutdanning i matematikk er ynskjeleg men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

·       Du er god på relasjonsbygging og samarbeid

·       Du kan både jobba strukturert og ta utgangspunkt i elevane sine initiativ

·       Du er interessert i pedagogisk entreprenørskap og bruk av lokalmiljøet

Vi kan tilby:

·       Tilsetjing, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med det som gjeld i offentleg skule.

·       Pensjonsrettar og medlemskap i Statens pensjonskasse

·       Deltids- eller fulltidsstilling så langt det er mogleg, hjelp til å skaffa bustad om ynskjeleg

Vitnemål og attestar kan visast fram ved eventuelt intervju. Ny politiattest må leggjast fram før ein startar opp i stillinga. For tilsetjing gjeld ei prøvetid på 1 månad.

Søknadsfrist 20. juli 2020

Søknad med vedlagt CV vert å senda på epost til Fresvik EnSpire skule AS ved Bjørg Fritsvold, e-postadresse er styret@fresvik-enspire.no. Ta kontakt om du har spørsmål på epost eller telefon 95848870. Du kan lesa meir om skulen på https://fresvik-enspire.no/.

Fresvik EnSpire skule AS

Søknadsfrist

mandag 20. juli 2020

Kontaktpersonar

Bjørg Fritsvold

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.