Sjukepleiar (psykiatri)c

Psykiatritenesta er organisert som ein del av tenestetilbodet i open omsorg Høyanger, og har einingsleiar i open omsorg som sin næraste overordna. Heile kommunen er arbeidsstad for sjukepleiarar i psykiatritenesta. Det er faste tverrfaglege samarbeidsmøter mellom NAV og psykiatritenesta/heimetenestene, legetenesta, barnevern, helsestasjonen. Psykiatrisk sjukepleiar deltek i kommunen sitt rusfaglege forum.

Vi har ledig 100% fast stilling frå snarast. Arbeidstida er i utgangspunktet dagtid, men arbeid på ettermiddag/helg må påreknast.


 


Vi ynskjer søkjarar som:

  • har utdanning som sjukepleiar med vidareutdanning i rus/psykisk helse. Erfaring med arbeid innan same brukargruppe kan kompensere formanglande vidareutdanning. 
  • har førarkort kl B  - reiseverksemd på påreknast då den som vert tilsett har heile kommunen som arbeidsfelt.
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta 
  • vere fleksibel og samarbeidsvillig 
  • har grunnleggjande datakunnskap eller vere villig til å lære dette og har god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

 
 Løn etter gjeldande tariff. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar.

Høyanger kommune

Søknadsfrist

søndag 9. august 2020

Kontaktpersonar

Stine Tufte (tom veke 29)

Oddveig Eide (frå veke 30)

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.