Assisterande instituttleiar ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet undervisning i fleire to-årige masterutdanningar. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ei stilling som assisterande instituttleiar for grunnskulelærarutdanninga 1.-7. ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking.

Åremålsstillinga er lyst ut for perioden 01.01.2021 - 31.12.2024.

Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulen sine mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar. Instituttleiar har òg ansvar for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.

Assisterande instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og vil normalt ha personalansvar for i overkant av 30 tilsette og ha eit fagleg funksjonsansvar som er campusovergripande. Det faglege funksjonsansvaret medfører fagleg ansvar for instituttet sitt fag- eller kunnskapsområder knytt til grunnskulelærarutdanninga 1.-7. i utdanningsprogram, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og kobling mellom funksjonsområdet og fakultetets forskingsaktivitet.

I Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking er funksjonsansvaret fordelt slik mellom dei ulike assisterande instituttleiarane:
  • Assisterande instituttleiar for grunnskulelærarutdanning 1.-7.
  • Assisterande instituttleiar for grunnskulelærarutdanning 5.-10.
  • Assisterende instituttleiar for barnehagelærarutdanning
Assisterande instituttleiar for bachelorutdanningar, masterutdanning, etter- og vidareutdanning
 
Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.

Det må påreknast reiseverksemd mellom campus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor sitt ansvarsområde.
  • Bidra til at instituttet sine økonomiske rammer vert haldne, og bidra til god og formålsteneleg bruk av instituttet sine ressursar.
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette.
  • Stimulere dei tilsette til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet.
  • Personal- og HMS-ansvar for delar av instituttet sine tilsette.
  • Ha ei aktiv haldning til digital utvikling i kommunikasjon med tilsette og som element i utdanning og forsking.
  • Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar instituttets kunnskapsutvikling.
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass.
  • Leggje til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen.
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking.
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på sitt institutt.
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde.
  • Bidra til å utvikle instituttet for å oppnå strategiske mål.
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL.

Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse
  • Høgare grads utdanning (master eller hovudfag) med relevans for stillinga, fortrinnsvis førstestillingskompetanse.
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor utdanningsprogramma eller faga i instituttet er ønskjeleg.
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
 
Personlege eigenskapar
  • Gode leiareigenskaper og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering.
  • Løysings- og utviklingsorientering.
  • Stor arbeidskapasitet.
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar.
  • Erfaring med endringsarbeid er ei føremon.
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV via jobbnorge.no.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.


Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som assisterande insituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Åremålet gjeld for perioden 01.01.2021 - 31.12.2024.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Insituttleiar Kristin Hinna, tlf. 55 58 59 40 / 905 56 083, e-post: kristin.ran.choi.hinna@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

søndag 16. august 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.