Reinhaldar

Stad kommune har ledig to faste stillingar som reinhaldar. Den eine stillinga er 100 % fast og den andre er 50 % fast. Arbeidsstad er for tida på Nordfjordeid. Stillingane er ledige for snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver

Som reinhaldar  i Stad kommune vil du få varierte arbeidsoppgåver innan reinhald av kommunale bygg og i private heimar med vedtak om reinhald. Arbeid etter arbeidsplan med rullering. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør/reinhaldsfaget, men andre kan også søkje.
  • Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre
  • Er allsidig, fleksibel, serviceinnstilt og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg
  • Har førarkort og disponerer eigen bil
  • Kan bruke digitale verktøy i arbeidet

Vi tilbyr

  • Rotasjonsordning, slik at ein arbeider på fleire stader etter plan
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Stad kommune

Søknadsfrist

søndag 9. august 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Erna Starheim

Tore Nyhammer-Taklo

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.