Rådgjevar miljøvern

Stad kommune har ledig eitt års vikariat i stilling som rådgjevar miljøvern i eininga for Plan og forvaltning frå 01.08.2020.  Eininga inngår i kommunalområdet areal og eigedom, og som miljørådgjevar får du ansvar for vedlikehalde og utvikle kommunen sitt klima- og miljøarbeid. Stillinga kan bli omgjort til fast stilling.

Eininga plan og forvaltning har 9 tilsette, to av desse har kontorstad i Selje. Tilsette innan landbruk og miljø utfører arbeid for Landbrukskontoret for Gloppen og Stad (vertskommunesamarbeid). Du vil inngå i dette samarbeidet.

Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver og krev både juridisk og miljøfagleg kompetanse. Kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar er avgjerande.

Som tilsett i Stad kommune vil du få høve til å delta i utforminga av ein heilt ny kommune, vere kreativ og nyskapande og ta pulsen på lokalsamfunna i Stad.

Arbeidsoppgåver

  • bidra i kommunen sitt strategiske arbeid innan plan, klima og miljø
  • saksbehandling mellom anna etter forurensingslova og motorferdsellova
  • førebuing og organisering av tilsyn med ureining
  • arbeid knytt til vassressursforvaltninga
  • utvikle og vedlikehalde gode rutinar og prosedyrar i miljøforvaltninga
  • publikumskontakt og -rettleiing

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • for stilling som rådgjevar er det krav om masterutdanning
  • god kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonevne 

Personlege eigenskapar

  • gode strategiske og analytiske evner
  • god samhandlingskompetanse og trivast med prosjektarbeid
  • fleksibel og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • varierte, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • fokus på tverrfagleg samarbeid og samskaping
  • fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Informasjon om referansar skal leggast ved.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 



Stad kommune

Søknadsfrist

søndag 26. juli 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Elin Leikanger

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.