Vikarar ved Flatraket skule og Stårheim skule

Flatraket skule og Stårheim skule har behov for tilkallingsvikarar og vikarar ved fråvær/sjukdom skuleåret 2020-2021. Vi ber deg spesifisere i søknaden kva skule du ønskjer å bli vurdert for.

Det kan bli behov for tilkallingsvikarar og vikarar også ved dei andre skulane i kommunen.
Dersom du har kompetanse, vilje og motivasjon til å stå på vikarliste for skulane, så oppfordrar vi deg til å søkje.

Arbeidsoppgåver

Ved Flatraket skule og ved Stårheim skule er det per no behov for vikar som fagarbeider/assistent i skule og SFO, både ein til ein og i grupper.
Det kan også bli behov for vikar for lærar.

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn, og skape trygge og gode dagar for elevane saman med dei andre vaksne
  • Du må kunne vere med å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane
  • Du har gjerne fagbrev i barne- og ungdomsarbeid, men andre vil også bli vurderte
  • Erfaring frå skule og SFO
  • Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi søker etter deg som samhandlar godt med både elvar og tilsette i skulen. Du er omsorgsfull, påliteleg og ansvarsfull. Du må vere ein god, trygg og tydeleg vaksen for elevane. 

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med varierte dagar der du får bruke dine gode ressursar i møte med elevane
  • Løn etter tariff

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast

Har du spørsmål om dei ledige stillingane ved Stårheim skule og Flatraket skule kan du ta kontakt med rektor Gro Iren Nedreberg og Ellen Rundereim

Dersom det vert behov for vikarar ved dei andre skulane i Stad kommune kan du bli kontakta for intervju.

Stad kommune

Søknadsfrist

onsdag 15. juli 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Gro Iren Nedreberg - Stårheim skule

Ellen Rundereim - Flatraket skule

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.