Sjukepleiarar

Vi treng fleire sjukepleiarar og har ledige heile stillingar ved Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim.  Høyanger kommune er med i prosjekt legevaktpilot. Sjukepleiarar ved institusjonar og heimesjukepleien vil få ei særskilt oppgåve med legevakt på ettermiddag kvardagar og dag/ettermiddag helg og høgtid. Du får opplæring og kursing for legevaktoppgåver

Arbeidsoppgåver er ordinære sjukepleieoppgåver og vil være ein del av legevakpilot på dei aktuelle skifta.
Turnusordning:
Høyanger sjukeheim - arbeidstid: 2-delt turnus med arbeid 3.kvar helg.  
Kyrkjebø sjukeheim - arbeidstid: 3.delt turnus med arbeid 3.kvar helg.

Søkjarar må ha sjukepleiarutdanning/norsk autorisasjon og førarkort kl B . Føremon med relevant praksis.

Vi ynskjer at du:

  • har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • er fleksibel og samarbeidsvillig
  • har godt humør
    behersker norsk skriftleg og munnleg

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter gjeldande tariff. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.
Søknad via https://hoyanger.easycruit.com

Høyanger kommune

Søknadsfrist

mandag 30. november 2020

Kontaktpersonar

Oddny Sørestrand - Kyrkjebø sjukeheim

Sonja Myrekrok - Høyanger sjukeheim

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.