Lærar ved Eid ungdomsskule

Stad kommune har ledig 100 % vikariat som lærar ved Eid ungdomsskule  frå 01.08.2020 til 31.07.2021. Stillinga kan bli gjort om til fast stilling.


Eid ungdomsskule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen vil skuleåret 2020-2021 ha ca 270 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team.


Fagønskje: Engelsk, norsk, norsk som andrespråk og spesialpedagogikk. 


Det kan bli fleire ledige stillingar ved skulen for skuleåret 2020/2021.


Meir informasjon om Eid ungdomsskule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
  • Leie klasser og grupper
  • Samarbeid med foreldre og føresette
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som grunnskulelærar 5-10 eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Vi søkjer lærarar med fagkompetanse i engelsk, norsk, andrespråkspedagogikk og spesialundervisning, men andre kvalifiserte søkjarar vil også bli vurdert
  • Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato

Personlege eigenskapar

  • Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Er sjølvstendig og systematisk
  • Har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er utviklingsorientert
  • Gode kunnskapar innan IKT

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato. 


Stad kommune har seks månader prøvetid.


Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.


Stad kommune

Søknadsfrist

tirsdag 2. juni 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Norunn Kjøsnes

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.