Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i spesialpedagogikk

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidreg også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.  
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Sogndal, og er ledig for studieåret 2020/2021.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og innanfor etter- og vidareutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad innanfor pedagogisk eller psykologisk fagområde. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Det er krav om pedagogisk kompetanse.
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. 
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgjande teller positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
  • Internasjonal erfaring.

 
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129
Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med høve til kompetanseheving og utvikling.
  • Høve til trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Erik Bulie, tlf.: 53 49 14 15, e-post: ebu@hvl.no

2) Dosent Kirsten Flaten, tlf.: 57 67 61 47, e-post: kirsten.flaten@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

onsdag 3. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.