Fastlegeheimel

Ved Sogndal Legesenter er det ledig heimel for fastlege frå 01.09.2020. Liste på inntil 1000 pasientar (pr. i dag 800) og inntil 7,5 timar kommunale oppgåver. Det er ikkje kommunale oppgåver lagt til denne stillinga pr. i dag.

Om stillinga
Legesenteret har 11 fastlegar og 1 LIS1. Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering.
Legesenteret er nytt og stort med mellom anna laboratorium, 2 akuttrom og 3 skadestover. Me har erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniørar. Kommunen eig og driv legesenteret. Legesenteret er samlokalisert med mellom anna sjukeheim med ØHD, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste.
Legevakta er for tida 15-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar, samt evne til både godt samarbeid og sjølvstendig arbeid. For utanlandske
søkjarar er det føresett gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Søkjar må ha norsk autorisasjon og fylle krava for inngå avtale med Helfo om direkte oppgjer og refusjonsrett.
Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.

Sogndal kommune

Søknadsfrist

torsdag 11. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.