Avdelingsdirektør Kulturhistorie

Om stillinga

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har museumsanlegg på ulike lokasjoner over eit større geografisk område, høvesvis Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Vi er på jakt etter ein leiar til ei nyoppretta stilling som Avdelingsdirektør Kulturhistorie som vil ha det faglege og administrative ansvaret for formidling av samlingar og antikvariske bygg gjennom utstillingar, formidlingsopplegg, omvisingar og arrangement hjå oss.

Ansvarsområdet inneheld følgende lokasjonar:

●     De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

●     Kystmuseet i Sogn og Fjordane

●     Nordfjord Folkemuseum

●     Norsk Reiselivsmuseum

●     Norsk Kvernsteinsenter

●     Sunnfjord Museum

Arbeidsoppgåver

Kjerneoppgåvene for dei kulturhistoriske musea er knytt til vertskap for publikum og formidling av samlingar og antikvariske bygg gjennom utstillingar, undervisning og arrangement.

Avdelingsdirektør Kulturhistorie vil vere fagleg og administrativ leiar for dei kulturhistoriske musea, og vil vere eit viktig bindeledd mellom disse og øverste leiing. Avdelingsdirektør vil ha ansvar for å forvalte menneskelege og materielle ressursar slik at avdelinga arbeider og utvikler seg i samsvar med overordna mål, strategiar, lover og retningslinjer. Avdelingsdirektør vil også ha personal- og budsjettansvar for dei kulturhistoriske musea.

Kven ser vi etter?

Vår nye direktør har relevant erfaring frå leiing i kunnskapsbaserte kompetansemiljø, og kan vise god forståing for vårt samfunnsoppdrag.  Vi ser etter ein leiar som er:

●     Strategisk orientert og med ei analytisk og systematisk tilnærming til strategi, mål og oppgåver

●     Trivast i endringsprosessar og ser verdien av utvikling av menneske og organisasjon for å møte framtidige mål og forventningar

●     Er veloverveid og resultatbevisst

●     Viser handlekraft, trivast med leiaransvar og blir motivert av å oppnå resultat gjennom andre

●     Brenn for formidlingsaspektet ved museumets breie samfunnsoppdrag

●     Motiverast av å få bidra til å bygge og utvikle noko nytt

●     Er omgjengeleg og med sterke relasjonseigenskapar, ser verdien av intern og ekstern nettverksbygging

Kvalifikasjonar

●     Minimum 5-årig høgare utdanning innan Kulturhistorie eller relevante musemsfag (eventuell erfaring innan relevante områder kan kompansere for manglande utdanning)

●     Relevant leiarerfaring med dokumenterte resultat

●     Leiarerfaring innan område personalleiing, personal- og organisasjonsutvikling, økonomiforståing, strategi- og dokumentajsonsarbeid

●     Erfaring frå formidlingsarbeid er ynskjeleg

Vi kan tilby

●     Moglegheit til fagleg utvikling i eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement

●     Fleksibel arbeidsstad

●     Lønn etter avtale i henhold til Landsoverenskomsten for Museum (VIRKE)

●     Medlemskap i KLP med gode pensjonsvilkår

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.

Generell informasjon

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har nyleg gjennomført ein større omorganisering, noko som medfører at innhald i stillinga vil kunne endre seg etterkvart som ny organisering implementerast. Her vil Avdelingsdirektør Kulturhistorie få god anledning til å bidra på vegen for å sikre at innhald i og utførelse av stillinga vil verte mest mogleg hensiktsmessig og bidragsytande for å nå Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane sine overordna målsettingar. Stillinga vil også krevje noko reiseverksemd ettersom dei ulike musea er spredt på eit større geografisk område.

Spørsmål om stillinga

For meir informasjon om stilling eller eventuelle spørsmål - ta kontakt med Kjartan Aa Berge, tlf: 414 46 439.

Vi gjer merskam på at søkarlista kan bli gjort offentleg kjend.

Søknad registrerast via link på denne sida. CV, vitnemål og attestar kan lastast opp under “Vedlegg”.

Ved spørsmål og utfylling av elektronisk søknadsskjema kan Jobbnorge kontaktast på tlf: 755 42 220 eller på kundeservice@jobbnorge.no på kvardagar mellom 08.00-16.00.

Om oss

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har hovedkontor på Sandane i Nordfjord, og har følgande avdelingar:  De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk

Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Stiftinga har omlag 50 årsverk fordelt på dei ulike avdelingane. Samlinga som Musea i Sogn og Fjordane forvaltar og delvis eig består av over 122.000 gjenstandar, mellom anna 142 båtar og 153 kulturhistoriske bygg med ei samla grunnflate på om lag 15.650 kvadratmeter. Les meir om oss på www.misf..museum.no

Jobbnorge-ID: 187216, Søknadsfrist: 05.06.2020, Kundens referanse: Kjartan Aa Berge

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

fredag 5. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.