Førsteamanuensis / Førstelektor / Høgskulelektor i samfunnsøkonomi

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og fire masterprogram. Fakultetet har to doktorgradsprogram: Ph.d.-programmet i Nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN), og Ph.d.-programmet i Ansvarleg Innovasjon og regional utvikling som er eit doktorgradsprogram som går på tvers av fleire fakultet i HVL med FØS som vertsfakultet.
Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1000 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ni bachelorprogram og to masterprogram.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledige stillingar som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i samfunnsøkonomi

Ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Campus Sogndal er det ledig inntil to faste 100% stillingar. Stillingane skal styrke det samfunnsøkonomiske fagområdet ved bachleorutdanninga i økonomi og administrasjon, og bidra med samfunnsøkonomisk kompetanse i undervisning og i forskings- og utviklingsarbeid der dette er aktuelt.

Arbeidsstaden er Campus Sogndal.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera:

  • Undervisning i samfunnsøkonomiske emne på bachelorstudiet. Undervisning innanfor andre kurs, m.a. bedriftsøkonomi, statistikk og matematikk, kan også vere aktuelt
  • Utvikling av kurstilbod på bachelor - og/eller masternivå
  • Rettleiing av bachelor- og masteroppgaver
  • Forsking og utviklingsarbeid innanfor fagområdet.
  • Ved tilsetting i førstestilling er det knytt forventingar til vitskapleg produksjon og aktiv deltaking i utviklinga av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, og til rettleiing av PhD-kandidatar.
  • Utvikling og koordinering av fagområdet i samarbeid med instituttet sine andre campus 

   

Kvalifikasjonskrav:

Krav til formell utdanning og kompetanse:

Kompetansekrava for tilsetting i stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor føl av Forskrift om ansettlese og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

  • For tilsetting som førsteamanuensis er det for desse stillingane krav om doktorgrad innan samfunnsøkonomi / for tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse innan samfunnsøkonomi / for tilsetting som høgskulelektor er det krav om mastergrad innan samfunnsøkonomi
  • God skiftleg og munnleg formidlingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk og på engelsk
  • Praktisk pedagogisk kompetanse*

*Praktisk pedagogisk kompetanse er ikkje påkravd for å søkje stillingane. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg ved å gjennomføre HVL sine kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.
 
I rangeringa av søkjarane vil det bli lagt vekt på at søkjar har:

  • erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt og internasjonalt samarbeid
  • erfaring med ekstern forskingsfinansiering
  • erfaring med undervising og rettleiing
  • erfaring med og evne til utvikling av undervisning og undervisningsmetodar
  • erfaring med og kunnskap om bruk av digitale læringsverktøy.

 
I vurderinga av søkjaren sine personlege eigenskapar for stillinga legg vi særleg vekt på at søkjar har god formidlingsevne og er ryddig og samarbeidsorientert. Vi forventar også at våre tilsette bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å syte for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervising. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011, førsteamanuensis / 1198, førstelektor / 1008, høgskulelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. Offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetning og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. 

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar, Johannes Idsø, tlf. 57 67 63 04 / 400 60 153, e-post: johannes.idso@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

torsdag 4. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.