Førstekonsulent/rådgjevar


Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar i eining for plan og forvaltning. Stillinga er ledig frå 01.08.2020.


Eininga inngår i kommunalområdet areal og eigedom og har ansvar for oppgåver knytte til reguleringsplan, byggesak, kart og oppmåling mm. Eininga er også involvert i oppgåver knytte til landbruk og miljø, og utfører arbeid for Landbrukskontoret i Gloppen og Stad (vertskommunesamarbeid). Eininga har 9 tilsette, to av desse har kontorstad i Selje.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver etter plan- og bygningslova, inkludert planarbeid og saksbehandling
  • Anna utgreiings- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå høgskule eller universitet som til dømes arkitekt, jurist, samfunnsvitar
    eller planleggjar
  • Innsikt i plan- og bygningslova er ein fordel
  • Gjerne erfaring frå planarbeid og kunnskap om bruk av GIS
  • Interesse for stadutvikling, arkitektur, bukvalitet, natur og miljø
  • Gjerne erfaring frå prosjektbasert arbeid
  • Må kunne kommunisere svært godt både skriftleg og munnleg på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du er analytisk, systematisk og pedagogisk
  • Du er løysingsorientert og har god heilskapsforståing
  • Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med andre
  • Du kan kommunisere godt med mange ulike menneske både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ber om at du lastar opp vitnemål og arbeidsattestar saman med søknaden. Du må oppgje referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. oppmoding om unnatak må grunngjevast.



Stad kommune

Søknadsfrist

mandag 1. juni 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Roar Sætre

Elin Leikanger

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.