Samfunnsutviklar

Frå 1. januar 2020 er kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal slegne saman til Sogndal kommune. Kommunen har knappe 12.000 innbyggjarar og har hatt stor vekst i folketal dei seinare åra. Kommunen kan tilby storslått natur med høge toppar og djupe fjordar. Det er særskilt gode mogelegheiter og godt miljø for friluftsliv både vinter og sommar. Samtidig er det eit godt lokalmiljø og koselege sentrumsområde med «alt» det urbane ein treng, deriblant eit variert kulturliv.

Sogndal kommune skal vere ein pådrivar for ei positiv samfunns- og næringsutvikling, og vere ein aktiv medspelar for næringsliv, frivillig sektor og eldsjeler som ynskjer å skape vekst og utvikling i kommunen. Vi søkjer no etter samfunnsutviklar/prosjektkoordinator i fast 100% stilling.

Samfunnsutviklaren skal:
- Leie det operative arbeidet med kapittelet «ei berekraftig samfunnsutvikling» med utgangspunkt i Sogndal kommune sin strategiske plan for samfunns- og næringsutvikling
- Koordinere og fylgje opp prosjekt i tenesteeining for samfunns- og næringsutvikling
- Ta initiativ til og mobilisere til utviklingsprosjekt i samspel med lokalsamfunn, lag og organisasjonar og internt i den kommunale organisasjonen
- Bidra til auka regionalt samarbeid innan området
- Jobbe tett med andre utviklingsressursar i kommunen og regionen

Ansvarsområde:
Tenesteeining for samfunns- og næringsutvikling har tre hovudområder: Landbruk, næringsutvikling (Sogn Næring) og samfunnsutvikling. Samfunnsutviklaren vil ha hovudansvar for samfunnsutviklingsarbeidet, og for å sikre god samhandling med resten av tenesteeininga og andre relevante einingar i kommunen.
Formelle kvalifikasjonskrav:
Relevant høgre utdanning er ønskjeleg. Kravet kan fråvikast ved lang og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid.

Du må ha:
- Eit glødande engasjement for å skape gode lokalsamfunn
- Evna til å kommunisere godt skriftleg og munnleg
- Vilje til å ta initiativ og vere ein trygg og utviklingsretta medspelar for målgruppene
- Interesse for og erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid

Det er også fint om du har:
- God kjennskap til offentleg sektor
- Kjennskap og erfaring knytt til frivillig arbeid og/eller næringsliv
- Erfaring med å jobbe i prosjekt, og i å bruke prosjektstyringsverktøy
- Kjennskap til offentlege og private tilskots- og støtteordningar
- Forståing for teknologi og digitalisering
- Interesse for forsking og innovasjonsarbeid

Me ynskjer deg som:
- Evnar å skape resultat saman med andre
- Er inspirerande og evnar å få andre med
- Kan formidle og kommunisere på ein tydeleg og inspirerande måte
- Forstår kompleksiteten av å jobbe på tvers av sektorar, og evnar å sjå nye løysingar og mogelegheiter
- Er utviklingsorientert, nysgjerrig og positiv

Me tilbyr:
- Eit utviklingsorientert og inspirerande fagleg og sosialt miljø med ei spanande oppgåveportefølje
- Mogelegheita til å vere med å skape gode lokalsamfunn for innbyggjarane
- Fridom til å forme ei positiv utvikling
- Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar

Kontaktperson for stilling: Tenesteleiar for samfunns- og næringsutvikling Joakim Systaddal (45873833)

Sogndal kommune

Søknadsfrist

onsdag 10. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.