Landbruksrådgjevar

Vi har ledig 100% stilling som landbruksrådgjevar frå 1. august 2020.

Gloppen kommune har eit godt fungerande landbrukskontor med tilsette som har høg og brei fagleg kompetanse. Vi er frå 1.januar i år vertskommune for felles landbrukskontor Gloppen og Stad.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er variert og mangfaldige, innanfor forvaltning, rettleiing og utvikling knytt til jord- og skogbruk og utmark.

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå.
Kompetanse på IKT medrekna GIS-kompetanse.
Erfaring frå kommunal landbruksforvaltning og/eller landbruksorganisasjon.
Den tilsette må ha førarkort for bil og du må pårekne litt reiseaktivitet i arbeidstida.

Personlege eigenskapar

Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, samarbeide godt, dele kunnskap og støtte andre for å nå mål.
Du må kunne jobbe sjølvstendig, og opp mot kommunen sine innbyggjarar.
Du er løysingsorientert, metodisk og systematisk, planlegg og gjer klare prioriteringar.
Vidare må du kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på nynorsk.

Sjå fullstendig utlysing og søk på stillinga her


Gloppen kommune

Søknadsfrist

torsdag 4. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.