Fastlege 2. gangs utlysing

Måløy legekontor har ledig 1 fastlegeheimel frå 01.08.2020 (om ønskeleg kan den som får tilbod om stillinga tiltre tidlegare)

Legekontoret er godt etablert sentralt i rådhuset i Måløy.Tal innbyggjarar i Kinn kommune er 17 200 Ca. 5 500 bur i Måløy og omegn, og sorterer  geografisk under Måløy legekontor.

Kontoret har nye og moderne lokale som blei tatt i bruk i 2008.I rådhuset finn du og:Helsestasjon, Barnevern, Nav, Sentraladministrasjon og Servicekontor.

Legekontoret har 9 fastlegeheimlar 1 LIS1 lege knytt til kontoret. Alderssamansetning blant legane i kontoret er frå 29 - 55 år. Listestørrelse 800 pasientar.Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og brei faglegkompetanse.Arbeidsmiljøet i kontoret er godt og prega av stå på vilje, nytenking og arbeidsglede. Senteret nyttar Info Doc elektronisk journalsystem og Melin betalingssentral.

Arbeidsoppgåver

Til legeheimelen ligg:

  • Måløy legekontor er tilslutta interkommunal legevakt lokalisert til Nordfjord sjukehus kveld, natt og helg (ca 45 min kjøring frå Måløy)
  • 5 interkommunale ØHD senger er samlokalisert og knytt til legevakta
  • Interkommunal legevakt med ca 3 vakter pr md
  • Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldande avtaler
  • Kommunal legevakt dagtid 08.00 -16.00 måndag til fredag

Kvalifikasjonar

  • Interesse for allmennmedisin
  • Gyldig norsk autorisasjon – norsk turnusteneste
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Som er ferdige med eller har påbegynt spesialitet i allmennmedisin

Vi tilbyr

  • Fleksibilitet
  • Varierte primærlegeoppgåve
  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling
  • Tilrettelegging ved spesialistutdanning

Avtale fastlege:
Det vil bli krevd Goodwill frå avtroppande lege og kommunen vil gje kontaktopplysinger ( mob nr./ e.postadresse ) til legen som får tilbud om stillingen.
 
Driftsavtalen med kommunen er ei  null-avtale der kommunen driftar praksis i bytte mot per capita tilskotet ein månadleg sum pr. lege.
Løn for offentleg arbeid etter individuell avtale.


Kinn kommune

Søknadsfrist

tirsdag 2. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.