Controller

Vi har ledig stilling som Controller, og treng deg som har god økonomikompetanse og engasjement for å vere med oss på laget. Vi er ein flott gjeng med 14 tilsette med ulike oppgåver innanfor økonomi, innkjøp og eigedomsskatt. Vi er ein ny organisasjon og jobbar med å optimalisere arbeidsoppgåver, samarbeid og interne strukturar. Dette er spennande og gir rom for vidareutvikling for oss alle. Stillinga rapporterer til økonomisjef, med tett samhandling med kommunalsjefane og rådmann.

Arbeidsoppgåver:
• Verksemdstyring og utvikling
• Budsjett
• Økonomiske analyser
• Finans
• Rapportering
• Økonomistyring, oppfølging, rettleiing
• Innkjøp
• Eigedomsskatt
• Internkontroll mm
• Saksutgreiing til politisk nivå
Arbeidsoppgåvene vert tilpassa behov i organisasjonen.
Kvalifikasjonar
Bachelor eller Master i økonom/ samfunnsøkonomi. Det er ynskjeleg med relevant praksis, men vi vil og vurdere deg som er nyutdanna. Vi legg vekt på gode IKT kunnskapar, evne til å tenke heilheit og sjå samanhengar på tvers av ansvarsområde.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som jobbar målretta, strukturert og utviklingsorientert. Du bør ha gode kommunikasjonseigenskapar, vere fleksibel og løysningsorientert. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr
• Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar

Sogndal kommune

Søknadsfrist

mandag 1. juni 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.