Energimontør i fast stilling eller vikariat

Vi søkjer etter ein person med godt humør, positive haldningar og nødvendige faglege og formelle kvalifikasjonar, som likar å arbeide ute heile året under varierande forhold. Ved vurdering av søkjarane vert det lagt vekt på personlege eigenskapar, som evne til å leie seg sjølv og ta ansvar for arbeidsmiljøet, eigen motivering og vilje til å stå på når det trengst.
Arbeidsoppgåver inkluderar m.a.:
·      Bygging, drift og vedlikehald av høgspent og lågspent nettanlegg. Både luft- og kabelanlegg
·      Transport av nødvendig materiell til byggeplass
·      Halde orden og system på lageret
·      Villig til å inngå i vaktordning.
Kvalifikasjonar:
·      Fagbrev som energimontør
·      Personar utan fagbrev, men med god praktisk erfaring, ståpåvilje og utdanning innan delar av arbeidsområdet, vert oppfordra til å søke. Det vert høve til å ta fagbrev innan energimontørfaget dersom du ønskjer det.
·      Førerkort klasse C/CE (klasse B er eit krav)
 
Personlege eigenskapar:
·      Gode haldningar til sikkerheit og kvalitet
·      God fysisk form
·      Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
 
Vi tilbyr:
Eit spennande og godt arbeidsmiljø med stor variasjon i arbeidsoppgåver, her kan du få utvikle deg både fagleg og som person. Vi har konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår.
 
Vi er stolte av jobben vår med å bygge og drifte den mest kritiske infrastrukturen vi har.
Vil du bli ein del av teamet vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg.

Om arbeidsgiveren

Stryn er ein av dei størte turistkommunane på Vestlandet, og er ein attraktiv stad å bu med godt utbygd fritidstilbod. Gjestar frå fjern og nær vitjar kommunen, ikkje minst på grunn av den flotte naturen og opplevingane ein finn her. Høge fjell, fjord, isbre, elvar og vatn i djupe grøne dalar med attraksjonar i verdsklasse både i vinter- og sommarhalvåret. 

Stryn Energi har ansvar for utvikling og drift av straumnettet i Stryn kommune. Konsernet driv i tillegg med sal av straum til sluttkundar, kraftproduksjon og fiber. Vi har 22 tilsette og ei årsomsetning i konsernet på om lag MNOK 100. 

Stryn Kommune er i utvikling, og dette stiller krav til Stryn Energi. Vi har god vekst i antall nettkundar, stor cruisetrafikk som er i ytterlegare vekst og står framfor mange spanande moglegheiter i samband med elektrifisering. Vi skal nytte moglegheitene som ny teknologi og digitalisering gjev, i tillegg til aktivt samarbeid gjennom alliansar og bransjeorganisasjonar for å drive mest mogleg effektivt.

Stryn Energi

Søknadsfrist

mandag 20. april 2020

Kontaktpersonar

Knut Gunnar Ulvedal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.