Musikklærar ved kulturskulen

Frå og med 1. august 2020 har me ledig 80% fast stilling som musikklærar ved Aurland kulturskule. Me er på leit etter fleire kompetansar, hovudsakleg piano, men oppmodar kandidatar som har kompetanse innanfor eitt eller fleire av dei nemnde områda til å søkja på stillinga.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Arbeidsoppgåver
- Musikkundervisning individuelt og i grupper som pianolærar, eventuelt også andre instrument
- Samarbeid om arrangement og konsertar
- Samarbeid med kommunale tenester og det frivillege musikklivet i Aurland
- Må rekne med å jobbe dagtid, ettermiddag og kveld etter fast arbeidsplan

Me tilbyr
eit godt kvalifisert og engasjert kulturskulemiljø. Du vil bli ein del av vårt gode team, og gode arbeidsplass. Me vil ta godt imot deg som ny her hjå oss.
Nyoppussa musikklokale for tilsette og elevar som er innflyttingsklart til våren 2020. I dei nye lokala er det både kontor/arbeidsrom og undervisningsrom.

Kvalifikasjonar
- pianolærar
- dirigent for kor
- det er inga ulempe om du kan fleire instrument som trekkspel/ gitar/ bassgitar/ slagverk/ dans
- har erfaring frå gruppeundervisning
- digital kompetanse
- som du sikkert skjønnar så treng me ein nytilsett som er fleksibel, humørrik og full av energi, og som har lyst til å vere med oss på laget.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 57 63 29 00. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Aurland kommune

Søknadsfrist

søndag 12. april 2020

Kontaktpersonar

Monica Hille

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.