Dagleg leiar


Ynskjer du å leie ein topp-motivert gjeng i arbeidet med å utvikle landets beste programvareløysingar for bruk i næringssamanheng?
Trivst du i ein hektisk kvardag med høgt tempo, og evnar du samstundes å halde eit tett strategisk grep om den daglige drifta?

- Ja, då er det kanskje akkurat deg vi er på jakt etter!

Proresult er ei teknologiverksemd i sterk vekst. Sidan 2004 har vi utvikla programvare som forenklar og effektiviserar administrative oppåver, og som gjev betre kontroll for våre kundar.

Vi tilbyr ein enklare og smartare arbeidskvardag med elektronisk registrering - heilt enkelt!Vårt kjernevirke er innan bygg- og anleggsbransjen, og vi kan med stoltheit syne til ei svært positiv utvikling i kundeportefølje både her, men også i nye kundesegment!

Noverande dagleg leiar søkjer nye utfordringar, og vi er på jakt etter ein dyktig etterfølgjar som skal vidareutvikle Proresult.


Proresult er blitt nominert til gasellebedrift i Sogn og Fjordane fire år på rad! Dette er eit resultat av dyktige medarbeidarar i samspel med godt leiarskap, forankra i ei solid teneste.
- Vi i Proresult er både proaktive og produktive - og saman skapar vi Proresult.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Kontinuerlig utvikling av verksemda i henhald til strategi.
  • Marknadsarbeid; Identifisering av kommersielle moglegheiter.
  • Være ein tydeleg leiar med god sosial forståing og som er til stades i organisasjonen.
  • kontroll av at samla aktivitet skjer innanfor lov- og regelverk, samt i tråd med retningslinjer og målsetnad.
  • Rapportering til styret.

I Proresult har vi samla dyktige medarbeidar innan utvikling, kundehandsaming og sal.Det er svært viktig at vår nye leiar er ein "brubyggjar" mellom avdelingane, og kan spele på dei potensielle synergieffektane som ligg på tvers av kompetansen vår.


Personlege eiganskapar:

  • Du har sterkt fokus på kompetansebygging og utvikling av medarbeidarar.
  • Inspirerande og open leiarstil, stor arbeidskapasitet og relasjonsskapande personlegdom med vekt på god samhandling.
  • Du har god forretningssans og er resultatorientert
  • Du er klar og tydelig i din kommunikasjon
  • Du er strukturert og handlingsorientert
  • Dyktig nettverksbyggjar.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Gode strategiske evner, med sterk operativ gjennomføringsevne.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterarar, 
Sigrid Anette Førde på tlf 400 21 567.
Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564. 

Søknaden vert handsama konfidensielt, også i høve til oppdragsgjevar dersom dette er ynskjeleg.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Proresult AS

Søknadsfrist

mandag 13. april 2020

Kontaktpersonar

Sigrid Anette Førde

Daniel Dvergsdal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.