Rektor ved Farnes skule

Vil du vere med å vidareutvikle ein god læringsarena for barn og unge i Årdal kommune?

Me har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Farnes skule frå 01.08.20. Rektor har også ansvar forskulefritidsordninga ved skulen. I Årdal kommune er det to grunnskular. Farnes skule har ca.329  elevar og ca 62 tilsette. Skulen er godt utstyrt for å kunne drive variert og tilpassa undervisning  og pedagogisk bruk av digitale verktøy er ein sentral del i skulens verksemd.


Arbeidsoppgåver

Overordna ansvar for drift av skulen

Personal- og budsjettansvar

Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte for alle elevar

Sikre godt skule-heim samarbeid

Vidareutvikle skulen og samarbeidet i nærmiljøet


Kvalifikasjonskrav

Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå

Relevant undervisningskompetanse

IKT-kompetanse

Erfaring innan administrasjon eller skuleleiing er ei føremon


Personlege eigenskapar

Det er ynskjeleg at rektor 

er framtidsretta, resultatorientert, strukturert og har evne til langsiktig planlegging 

er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver 

er ein tydeleg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere og inspirere til felles innsats

er god på samarbeid og kan skape gode relasjonar på alle arena

er god på formidling både  munnleg og skriftleg


Me tilbyr

Ein variert og utfordrande jobb

Gode vilkår for fagleg utvikling

Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar

Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid

Moglegheit for å ta vidareutdanning, td. skulelleiing

Gode forsikring og pensjonsvilkår

Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtalen


Andre opplysningar

Den som vert tilsett, må leggje fram godkjend politiattest.


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Årdal kommune

Søknadsfrist

onsdag 15. april 2020

Kontaktpersonar

Jan Kåre Stedje, Rektor og skulefagleg ansvarleg

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.