Ferievikariat i omsorgstenesta i Luster kommune

Omsorgstenesta i Luster omfattar Luster-, Gaupne-, og Hafslo omsorgssenter, Grandmo busenter og Luster sentralkjøken.

Hafslo omsorgssenter har heildøgns tenester i omsorgsplassar, dagsenter, omsorgsbustader og tenester til heimebuande. 

Gaupne omsorgssenter har heildøgns tenester i omsorgsplassar, omsorgsbustader, tenester til heimebuande og korttidsavdeling (KA).

Luster omsorgssenter har sjukeheimsplassar, omsorgsbustader og tenester til heimebuande.

Grandmo busenter ligg i Gaupne og yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne.

Luster sentralkjøken ligg i Gaupne omsorgssenter og lager mat til heile omsorgstenesta.

Ferieperioden er frå 29. juni (veke 27) til og med 09. august (veke 32). Arbeid i turnus med arbeid 2. kvar helg. Ferievikariat av varierande lengde frå medio juni til medio august. Det er ynskjeleg at du i denne perioden kan arbeide mest mogleg samanhengande. Det er viktig at du i søknaden fyller ut kva tidsrom du kan arbeide.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak pleie, omsorg, tilberede mat/delta i måltid, reinhald, og praktisk bistand til aktuelle pasientar, bebuarar og heimebuande og aktuelle arbeidsoppgåver ved Luster sentralkjøken. 

Sjå fullstendig utlysing her

Luster kommune

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Kontaktpersonar

Kari Olseng Paulsen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.