Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikkdidaktikk - mellombels

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. 

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.  

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 2 mellombels stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur og matematikk og tolking ved campus Sogndal, og er ledig frå snarast og fram til 31.07.2020.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisningsfaga er matematikk/matematikkdidaktikk, eventuelt og naturfagdidaktikk for kvalifisert person.
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor- og masterutdanning og etter- og vidareutdanning i fagområda matematikk/matematikkdidaktikk. Søkjarar med naturfagdidaktikk og undervisningserfaring i naturfag oppmodast om å søkje. Det må påreknast noko reising i samband med undervisning på etter- og vidareutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i matematikk/statistikk/matematikkdidaktikk eller innanfor eit relevant fagområde som til dømes fysikk/fysikkdidaktikk/naturfagdidaktikk. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen. Søkjar må kunne dokumentere god kunnskap og undervisningserfaring i matematikk/matematikkdidaktikk, men óg personar med kunnskap og undervisningserfaring i naturfag/naturfagdidaktikk som fysikk, kjemi eller biologi oppmodast om å søkje.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande tel positivt i vurderinga:

  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på dennesida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstidaStillingane er løna etter Statens lønsregulativ. 

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Matematikk fagkoordinator Terje Myklebust, tlf.: 57 67 63 02 / 907 27 070, e-post: terje.myklebust@hvl.no

2) Assisterande instituttleiar Bente Sollid, tlf.: 57 67 61 94 / 990 28 769, e-post: bente.sollid@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

mandag 24. februar 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.