Tenesteleiar Kjørnes barnehage

Ledig 100% fast stilling som tenesteleiar i Kjørnes barnehage

Kjørnes barnehage ligg på Kjørnes i Sogndal kommune, midt i eit område med stor utbygging av nye bustader, med gang- og sykkelveg til sentrum. I Kjørnes barnehage brukar vi naturen aktivt som leikeplass kvar dag, og vi tek med oss opplevingane inn i arbeidet med fagområda. Barnehagen har ein "grøn profil", og har eigen uteavdeling. Vi har også høner i barnehagen. Vi ynskjer at borna skal verta glade i å ferdast i naturen og at dei skal ha forståing av- og respekt for samspelet i naturen. Vi har nær tilgang på fjord og fjell. 
Oppstart i stillinga 01.08.2020
Stillingsinformasjon
Som tenesteleiar har ein det overordna faglege, organisatoriske, administrative og økonomiske ansvaret i eininga i tillegg til å ha personalansvar. Tenesteleiar er heilt sentral i barnehagen sitt virke, og er nøkkelpersonen i utviklings- og endringsarbeid, og i initiativ, tiltak og oppfølging av det pedagogiske arbeidet og samarbeidet med foreldre.
Tenesteleiar er ein del av leiargruppa i oppvekstsektoren. Det inneber eit medansvar i tverrfaglege team. Gjennom godt samarbeid skal vi sikre at alle som veks opp i Sogndal, skal ha ein god og trygg barndom der dei får moglegheit til å realisere sitt potensiale.
Vi søkjer etter ein person med gode leiareigenskapar
Kjørnes er ein stor barnehage med mange tilsette. Det er difor ønskjeleg at søkjar har styrarerfaring. Det vil bli lagt vekt på eigenskapar som:
- sjå verdien av å jobbe i team og ha gode samarbeidsevner
- vere løysingsorientert
- ha evne til å inspirere, engasjere og rettleie medarbeidarar mot felles mål, og kunne nytte   potensialet til dei tilsette
- kunne handtere nye utfordringar
- ha gode kommunikasjonsevner
- ha god relasjonskompetanse
Krav til kompetanse
Barnehagelærarutdanning eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Det er ønskjeleg at søkjarar har styrarutdanning. I tillegg vil personlege eigenskapar bli vektlagt.
Spesielle vilkår for stillinga
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Andre opplysningar
Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.
Vi tilbyr
- Løn etter avtaleverket
- Gode pensjonsordningar
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

Sogndal kommune

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Kontaktpersonar

Ole Gunnar Krakhellen

Karin Johansen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.