Spennande sjukepleiarstilling ledig!

Er du sjukepleiar, og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? 

I Bremanger kommune, for tida i heimesjukepleien i Ytre Bremanger – er det ledig 100% fast sjukepleiarstilling.

Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstendighet og kor du lærer mykje på kort tid. Heimesjukepleien samarbeider tett med ulike fagmiljø i spesialisthelsetenesta, fastlegetenesta og andre avdelingar i pleie -og omsorg. 

For tida er det 2 – delt turnus, og stillinga er ledig frå 01.06.2020  


Arbeidsoppgåver  

Sjukepleiefaglege oppgåve heime hos pasientane
Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjelder alder og medisinske behov. 

 Kvalifikasjonar  

Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar 
Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve 
Må ha førarkort for personbil (B). 
Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.  

 Personlege eigenskapar  

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. 

Serviceinnstilling og personleg egnaheit vektleggast. 

 Vi tilbyr  

Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje 
God pensjonsordning, og heildøgns forsikring 
Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling 
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass 

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir! 


Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.