Ferievikarar i helse- og omsorgstenesta

Vi har behov for ferievikarar på desse tenesteområda:
Tradisjonelle heimetenester og heimetenester i bustadar med personale heile døgnet, tenester i heimane til utviklingshemma, og institusjon for korttid, rehabilitering og skjerma eining.
Ved Gloppen kommunale kjøkken er det behov for sommarvikarar for kokkar og assistentar.

Dersom du ønskjer å arbeide ved ei bestemt eining, kan du ta direkte kontakt med leiar i eininga for nærare opplysningar.

Arbeidsoppgåver  

Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33, nokre einingar også veke 25 og 34. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, heimehjelper og assistentar.
Det vil bli gjeve opplæring. 
Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden.

Gloppen kommunale kjøkken treng vikarar for kokkar og assistentar. Det er ønskjeleg med tidlegare praksis frå institusjonskjøkken. For tilsetting gjeld arbeid også på helg, med arbeidstid 07.30 - 14.30 alle dagar. Gloppen kommunale kjøkken treng vikarar i veke 26 - 33.

Sjå fullstendig utlysing og søk på stillingane her

Gloppen kommune

Søknadsfrist

søndag 23. februar 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.