Kokkekyndig assistent - vikariat

Vi har ledig eitt års vikariat som kokekyndig assistent i ca 45 % stilling, med moglegheit for ekstra vakter ved fråvær/ferieavvikling.. Stillinga er ledig frå snarast, med oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver  

  • Den tilsette har ansvar for produksjon og kontroll av varm og kald mat i tråd med meny, kost- og diettlister og andre bestillingar, og har elles ansvar for baking/oppvask/vask og anna forefallande arbeid. 
  • I stillinga er det ei arbeidshelg i løpet av 6-vekers turnus. 
  • Reinhald er ein stor og viktig del av kjøkkenstillingane, og å utføre anna arbeid delegert av kjøkkensjefen. 
  • Kjøkkenet er godkjent lærebedrift med ansvar for lærling.

Kvalifikasjonar  

  • Vi søkjer ein medarbeidar med erfaring frå institusjonskjøkken. 
  • Den tilsette må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, og datakunnskap. 
  • Den tilsette må ha førarkort for bil.

Sjå fullstendig utlysing og søk på stillinga her

Gloppen kommune

Søknadsfrist

lørdag 1. februar 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.