Sjukepleiar

Vi har ledig 2 faste stillingar som sjukepleiar i 100%, samt vikariater fram til august 2020, for tida ved Svelgen omsorgssenter.


Arbeidsoppgåver  

I mars 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt Omsorgssenter. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og til rettelagd arbeidsplass.

Bremanger kommune deltek i ein legevaktpilot som er organisert i eit samarbeid mellom fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Om natta skal vi ha «legevaktsatelitt» på Svelgen omsorgssenter der sjukepleiarane vil ha direkte kontakt med pasientar og lege på vakt i Førde. På dagtid har vi eige legevakt i Bremanger kommune. 
I samband med deltaking i legevakttenesta vil sjukepleiarane mellom anna få opplæring i akuttmedisin.

Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, palliativ omsorg og kreft.
Vi arbeider i årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si.

  

Du som blir tilsett må:  

ha offentleg godkjenning som sjukepleiar

gjerne ha erfaring med akuttmedisin

nytte norsk munnleg og skriftleg godt

like å arbeide i team

vere innstilt på endringar

legge fram politiattest av nyare dato

ha førarkort klasse B

Vi kan tilby:  

god pensjonsordning og heildøgns forsikring

hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!
 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentliggjort, sjølv om du ikkje ønskjer å stå på søkjarlista. 

Alle som søkjer på ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.


Søknadsfrist: Snarast


Bremanger kommune

Søknadsfrist

fredag 31. januar 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.