Fagleiar ved Svelgen skule

Svelgen oppvekst er ein 1-10-skule og barnehage. 

Svelgen skule har ledig ei fast stilling som fagleiar i 100 % frå hausten 2020. 

Vi søker etter ein fagleiar som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.

Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei skuleleiarstilling inneber.  

I stillinga inngår 60 % administrasjon og 40 % undervisning, og du må derfor ha undervisningskompetanse innanfor skulen sitt fagtilbod.


Arbeidsoppgåver  

Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande, samt ha følgjande oppgåver:
 informere nytilsette i skulen og gi praktisk informasjon
 kollegarettleiing i pedagogiske og psykososiale spørsmål
vere del av skulen sitt PALS-team
medansvar og oppfølging av skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet (skulen si satsing på IBOS, § 9A, skulehelsetenesta, annleisveka mm.)
medansvar for oppfølging av einskildelevar og tidleg innsats 
 medansvar overgangsarbeid i skule/barnehage
delta på teamleiarmøte
organisering av nasjonale prøver, eksamen og tentamen
vikarordning i samarbeid med teamleiarane, samt utarbeide inspeksjonsplan
ha ansvar for den kulturelle skulesekken
ha ansvar for branntilsyn, brannøvingar to gangar pr. år, branninformasjon, dokumentasjon

  

 Kvalifikasjonar  

Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:
godkjent undervisningskompetanse og lang erfaring frå skuleverket
høg relasjonskompetanse med gode samarbeids-  og formidlingsevner
 fagleg kompetent 
avgjerdsfør/resultatorientert
god skriftleg og munnleg framstillingsevne
erfaring og utdanning innan leiing er ein fordel, men ikkje eit krav

 

Personlege eigenskapar  

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.


Lønn og tilsettingsvilkår  

Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetting. 

Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og overeinskomstar. 

Det er 6 månaders prøvetid med 14 dagars gjensidig oppseiingsfrist.


Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.