Stipendiatstillingar innan vokabularlæring hjå barn

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

akultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. 

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltek i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to stillingar som stipendiatar innan norsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillingane:
Stipendiatstillingane inngår i forskingsprosjektet the Second Language Learners Plus (SL+) som er finansiert av Norges forskningsråd. Prosjektet SL+ er tilknytta forskargruppene Kvardagsliv i barnehagen (KiB) ved HVL og ComPros ved Universitetet i Oslo (for meir info: https://www.hvl.no/forsking/gr... og https://www.uv.uio.no/forskning/grupper/compros/).

SL+ skal utvikle og undersøkje effekten av eit digitalt vokabulartiltak for barnehagebarn. Hensikta/Målet er å utarbeide eit pedagogisk opplegg som har vedvarande effekt på barna sitt djubde- og breiddevokabular, samt gjev ein overføringseffekt til andre språkområde og sosiale ferdigheiter. Det pedagogiske opplegget vil bli prøvd ut på barn med svake språkferdigheiter og tospråklege barn. Datainnsamlingsmetodane som vil bli nytta er blant anna systematisk kunnskapsoversikt (meta-analyse), observasjonar, intervju, enkelt-kasus design og randomisert kontrollert intervensjonsstudie (RCT).

SL+ er eit tverrfagleg prosjekt med fleire samarbeidspartnarar. Universitetet i Oslo har hovudansvar for prosjektet, i tillegg deltek HVL, Statped, University of Toronto, Harvard University, Göteborgs Universitet, University College London, Nina Skauge kommunikasjon/Skauge Forlag, Rakkestad kommune, Kvinnherad kommune, Stryn kommune, Sarpsborg kommune og Stord kommune.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stipendiatane skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år der 25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av blant annet undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL. Det er vidare ein føresetnad at dei som vert tilsett, har arbeidsplassen sin ved Campus Sogndal i tilsetjingsperioden. Stipendiatstillingane er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ein føresetnad at stipendiatane vert tekne opp på ph.d.-studiet Danning og didaktiske praksisar ved HVL. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein på: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/2019h/phd/.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiatane vere tekne opp på ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Vi søkjer høgt motiverte fagpersonar med interesse for barnehageforsking, meir spesifikt vokabularintervensjonar, språkvanskar, andrespråkslæring, pedagogiske og spesialpedagogiske språktiltak. Stipendiatar oppmodast til å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. Prosjektgruppa har fleire internasjonale samarbeidspartnarar som kan vere mogeleg vertsinstitusjon.

Som stipendiat vil du:

  • delta i den innovative utviklinga av ein vokabularintervensjon og ha hovudansvaret for å prøve ut vokabularintervensjonen for anten (a) barn med norsk som andrespråk i barnehagen eller (b) barn med svakare språkferdigheiter enn forventa utifrå alder 
  • skrive ein artikkelbasert avhandling med minst tre artiklar i internasjonale tidsskrift (nivå 1 og 2) og presentere forskinga di på vitenskaplege konferansar 
  • arbeide sjølvstendig og i SL+-teamet i tillegg til å bidra som medlem av forskargruppa KiB og forskargruppa ComPros

Kvalifikasjonar:

Søkjarane må ha oppnådd mastergrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi, barnehagekunnskap eller tilsvarande masterutdanning med høg relevans for temaet barn si språkutvikling og vokabular.

Ønska kvalifikasjonar:
Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva og metodiske kvalifikasjonar. (sjå under). I tillegg vil ei kort prosjektskisse tilleggast vekt (sjå under). 

  • Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva.
  • Arbeidsspråket er norsk, og det er difor krav om flytande norskferdighet. Det er og eit krav om gode munnlege og skriftlege engelskkunnskapar ettersom prosjektet har fleire internasjonale samarbeidspartnarar og alle publikasjonar skal skrivast på engelsk.
  • Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen.
  • Søkjarar må leggje ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling, val av teori og metode (fortrinnsvis forkusgruppeintervju) for eit potensielt prosjekt knytt til barn med norsk som andrespråk eller barn med svake språkferdigheiter. Denne vert brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet.
  • Relevant metodologisk kompetanse vil vere ein fordel, men opplæring vil bli gitt.

Stipendiatar som vert tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing.

Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga.

Personlege eigenskapar:
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd.

Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å gå inn på jobbnorge.no, ID: 179380, og trykke "Søk på stillingen".

Lenke til side:
https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/179380/stipendiatstillingar-innan-vokabularlaering-hjaa-barn

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovudfagsoppgåva, ev. vitskaplege arbeid dei ønskjer å ha med i vurderinga (ikkje flerie enn 5), fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje. 
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er en IA-bedrift.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Førsteamanuensis Hilde Hofslundsengen
e-post: hilde.hofslundsengen@hvl.no
telefon: 996 01 838   

2) Professor II Kari-Anne B. Næss
e-post: k.a.b.nass@uv.uio.no
telefon: 922 40 741

Samspel, berekraft og nyskaping 

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal verte eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

søndag 2. februar 2020

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.