Ullensvang kommune søkjer trainee innan plan og utvikling

Ullensvang kommune

- Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby
spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Me har eit rikt kulturliv, moderne idrettsanlegg og friluftstilbud av høg klasse. Kommunen opplever stor utvikling i næringslivet knytt til turisme, landbruk og industri.

Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen
omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, samstundes som du får vera med på vera ein viktig bidragsyter med å bygga ny kommune, og ta del i viktige samfunnsoppgåver. Som trainee kjem du til å få spennande prosjekter, og vera ein del av eit kompetansemiljø. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette i lag.

Tar du utfordringa som traineekandidat?

Arbeidsoppgåver:

Frå og med 2020 blir Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune. Eit av føremåla med kommunesamanslåinga er å skapa sterkare kompetansemiljø innan tenestene.

Stillinga omfattar arbeid med rådgjeving, tilsyn og sakshandsaming av konkrete byggeprosjekt. Ein vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.

Ein vil samarbeida med våre øvrige byggesakshandsamarar og kollegiet på sektoren Kultur, Næring og Samfunn. Tilgrensande fagfelt omfattar mellom anna plan, geodata/oppmåling, naturmiljø, næring og landbruk.

Ein vil vera fleksibel i høve til kvar det er mest praktisk for den nytilsette å ha fast oppmøteplass. I utgangspunktet ligg byggesak i Odda, men oppmøte i Kinsarvik eller Jondal kan òg vere aktuelt deler av veka.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på bachelor/masternivå. Eksempel kan vere ingeniørhøgskule med relevant studieretning, planleggarutdanning frå høgskule/universitet, naturviter- eller juristutdanning.
  • Maksimalt tre år med arbeidserfaring etter avslutta utdanning.
  • Beherske norsk som arbeidsspråk.

Eigenskapar:
● Ønske om å bidra til å utvikla nye Ullensvang kommune.
● Proaktiv og effektiv.
● Analytisk og strukturert.
● Løysingsorientert og god evne til å bygge relasjoner og tillit.

Me kan tilby:
● Fagleg bistand og rettleiing.
● Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
● Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
● Konkurransedyktig løn.
● Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane.
  • fagleg og personleg utvikling.
  • innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til.
  • fire traineesamlingar og ein utanlandstur.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee er

  • minimum bachelor eller mastergrad.
  • maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium.
  • norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg.

Tilsetting: August 2020 til august 2021.
NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.


Ullensvang kommune

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Kristian Bondhus-Jensen

Eivind Gregersen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.