Vestland fylkeskommune søkjer trainee innan nærings- og samfunnsutvikling

Har du lyst til å vere med å utvikle det nye Vestlands-fylket?

Vi i Vestland fylkeskommune si innovasjons- og næringsavdeling arbeider m.a. med å legge til rette for næringsutvikling og utvikling av lokalsamfunna våre. Vi ser etter ein trainee som mellom anna kan arbeide med følgjande område

  • Landbruk, reiseliv og andre naturbaserte næringar
  • Utvikling av lokalsamfunna våre
  • Administrative oppgåver

Fellesnemnaren for arbeidet er nærings- og samfunnsutvikling i bygder og distrikt, der du også får innsikt i administrativt arbeid. 

Du vil ha kontorstaden din på fylkeshuset i Leikanger, saman med dyktige kollegaer.  Og du vi gjere deg kjend med Vestland fylke, og dei som vi samarbeider med – mellom anna Innovasjon Norge, kommunar og representantar for dei ulike næringane.

Sogn og Fjordane + Hordaland = Vestland, og du får også mange spanande kollegaer med kontorstad Bergen. 

Vi ser etter 

  • ein trainee med interesse for å arbeide med nærings- og samfunnsutvikling. Vi er meir opptekne av deg som menneske enn kva utdanningsretning du har teke. Så du kan til dømes ha utdanning innan økonomi/administrasjon, samfunnsfagleg eller naturvitenskapleg utdanningsretning. 

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg 

Tilsetting: August 2020 til august 2021. 

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Vestland fylkeskommune

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Endre Høgalmen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.