Næringshagen i Odda søkjer trainee innan marknad og kommunikasjon

Vil du hjelpe gründere, reiseliv, og eit næringsliv i vekst? Kunne du tenke deg å bu i hjartet av Hardanger, der friluftsliv, skikøyring, sider, rikt kulturliv og Trolltunga er ein del av kvardagen? Då må du søkje på denne stillinga!

Næringshagen i Odda bistår næringslivet og kommunen med mange spanande oppgåver. Selskapet er eit AS og er eigd hovedsakleg av lokale og offentlege verksemder. Hardanger har eit svært variert næringsliv, med ein verdsleiande industri, samt et reiseliv som opplev ein eksplosiv vekst. Dette gir gode moglegheiter framover. Per dags dato er det 3 tilsette i Næringshagen i Odda, og det er eit godt sosialt miljø i vårt kontorfellesskap. No ynskjer me ein trainee velkommen til oss.

Ynskja kvalifikasjoner:

  • Min. bachelor innan kommunikasjon, marknadsføring, økonomi, prosjektleiing eller anna næringsrelatert område

Me kan tilby:

  • Varierte dagar med store utviklingsmuligheter.
  • Muligheten til å byggje eit stort nettverk
  • Innsikt i viktige samfunnsprosessar
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

Personlege eigenskaper:

  • Utadvendt og positiv person med stå-på humør
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Evne til å opparbeide tillit hos dei du er i kontakt med

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur


Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: August 2020 til august 2021.
NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Næringshagen i Odda AS

Søknadsfrist

søndag 1. mars 2020

Søk stilling

Kontaktpersonar

Bente Raaen Widding

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.